Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lån

Rentefoten, som er storleiken på renta, har mykje å seie for kva kostnadene med eit lån blir.

KL-1

Tenk deg at du tek opp eit serielån på 1 000 000 med løpetid på 20 år og tilbakebetaling med éin termin per år. Rekn med ein rentesats på 4,0 prosent per år. Rekn med 2 000 kroner i etableringsgebyr og 100 kroner i termingebyr.

a) Lag eit rekneark som viser tilbakebetalingsplanen. Kva er dei samla rentekostnadene på dette lånet? Kva er dei samla gebyrkostnadene? Kva er dei totale tilbakebetalingane?

Løysing

A

B

C

D

E

F

1

Serielån med 1 termin per år i 20 år

2

3

Skriv inn lånebeløp og rente:

4

Lånebeløp

1 000 000

5

Rente i prosent

4

6

Avdrag per termin

50 000

7

8

Terminbeløp

Avdrag

Renter

Gebyr

Restgjeld

9

Lånestart

1 000 000

10

1. år

92 100

50 000

40 000

2 100

950 000

11

2. år

88 100

50 000

38 000

100

900 000

28

19. år

54 100

50 000

4 000

100

50 000

29

20. år

52 100

50 000

2 000

100

0

30

Sum

1 424 000

1 000 000

420 000

4 000

A

B

C

D

E

F

1

Serielån med 1 termin per år i 20 år

2

3

Skriv inn lånebeløp og rente:

4

Lånebeløp

1 000 000

5

Rente i prosent

4

6

Avdrag per termin

=B4/20

7

8

Terminbeløp

Avdrag

Renter

Gebyr

Restgjeld

9

Lånestart

=B4

10

1. år

=C10+D10+E10

=$B$6

=F9*$B$5/100

2 100

=F9-C10

11

2. år

=C11+D11+E11

=$B$6

=F10*$B$5/100

100

=F10-C10

28

19. år

=C28+D28+E28

=$B$6

=F27*$B$5/100

100

=F27-C27

29

20. år

=C29+D29+E29

=$B$6

=F28*$B$5/100

100

=F28-C28

30

Sum

=SUMMER(B10:B29)

=SUMMER(C10:C29)

=SUMMER(D10:D29)

=SUMMER(E10:E29)

Totalt tilbakebetalt: 1 424 000 kroner

Totalt betalte renter: 420 000 kroner

Totalt betalte gebyr: 4 000 kroner

Nedst på sida kan du sjå utrekningane i eit ekte rekneark.

b) Bruk lånekalkulatoren for serielån på smartepenger.no (sjå lenkja nedanfor). Gjer det same som i punkt a). Skilnaden er at du no skal velje 2 terminar per år. Pass på at du vel serielån. Du kan òg prøve å løyse oppgåva i eit rekneark.

Smarte penger: Guide til annuitetslån og serielån

Kva skilnader får du i tilbakebetalt beløp, og kva kjem desse skilnadene av?

Løysing

Lånekalkulatoren gir ein sum av renter og gebyr på 414 000 kroner.

Kommentar: Når vi samanliknar lånekalkulatoren med eiga løysing på rekneark (sjå nedanfor), ser vi at kalkulatoren ikkje tek med etableringsgebyret i summane.

Totalt tilbakebetalt:  1 000 000 kr+ 414 000 kr+2 000 kr=1 416 000 kr

Totalt betalte renter:  414 000 kr-2·20·100 kr=410 000 kr

Totalt betalte gebyr:  2·20·100 kr+2 000 kr=6 000 kr

Vi ser at det her blir betalt 10 000 kroner mindre i samla renter. Det kjem av tilbakebetalinga med 2 terminar per år. Kvart siste halvår er lånet no 25 000 kroner mindre. Det betyr 2 prosent av 25 000 kroner, altså 500 kroner mindre i renter per år. Over 20 år blir det til saman 10 000 kroner mindre i renter.

Nedst på sida kan du sjå utrekningane i eit rekneark.

KL-2

Bruk lånekalkulatoren smartepenger.no igjen, og gjer det same som i 4.2.1 b), med den skilnaden at du no vel annuitetslån.

Smarte penger: Guide til annuitetslån og serielån

Kva skilnader er det på annuitetslånet i forhold til serielånet?

Løysing

Lånekalkulatoren gir oss resultata nedanfor:

Serielån

Annuitetslån

Sum renter og gebyr

kr 414 000

kr 468 230

Ved annuitetslån blir det betalt eit fast terminbeløp. Det vil seie at summen av avdrag og renter er lik i heile løpetida til lånet. Ved serielån er avdraget like stort heile tida, og rentene minkar derfor etter kvart som lånet blir betalt ned. Terminbeløpa er mykje mindre ved annuitetslån dei første åra. Det gjer at mange vel denne lånetypen, men det betyr òg at terminbeløpa er større den siste delen av løpetida til lånet, og samla blir det betalt meir i renter ved annuitetslån.

KL-3

Hjalmar skal kjøpe seg bil til 250 000 kroner. Han har spart opp 50 000 kroner og vurderer å låne resten av beløpet i banken DNB. Han ønskjer å betale ned lånet i løpet av 5 år med månadlege terminar.

Bruk billånskalkulatoren til DNB.

DNB: Beregn hva billånet vil koste

a) Er dette eit serielån eller eit annuitetslån?

Løysing
Bilete av billånskalkulatoren til DNB. Bilprisen, eigenkapitalen og nedbetalingstida som er nemnde i oppgåveteksten, er skrivne inn. Lånebehovet inkludert gebyr er 203211 kroner. Den nominelle renta er 4,05 prosent, og den effektive renta er 5,23 prosent. Terminbeløpa er på 3807 kroner i månaden. Ein tabell over dei fem første terminbeløpa viser at rentene går nedover og avdraga går oppover etter kvart terminbeløp. Gebyret i kvart terminbeløp er på 60 kroner. Ein siste kolonne viser kor mykje som er igjen på lånet etter at kvart terminbeløp er betalt inn. Skjermutklipp.

Låneberekninga i biletdømet vart gjord i januar 2019. Tala har sikkert endra seg sidan den gong …

Dette er eit annuitetslån sidan terminbeløpet er fast.

b) Kva må Hjalmar betale per månad for dette lånet?

Løysing

Terminbeløpet inkludert gebyr er 3 807 kroner.

c) Kva er den nominelle renta som DNB tilbyr?

Løysing

Den nominelle renta er 4,05 prosent, ifølgje lånekalkulatoren.

d) Kvifor blir lånet større enn 200 000 kroner?

Løysing

Dei 3 211 kronene banken har lagt på lånesummen, kjem vanlegvei av eit etableringsgebyr og eit tinglysingsgebyr. Dette blir lagt på lånesummen slik at du skal ha 200 000 kroner pluss dine eigne 50 000 kroner til å betale bilen med.

e) Kva må Hjalmar betale i gebyr totalt på lånet?

Løysing

Han må betale  5·12=60  termingebyr, kvart på 60 kroner. Dette blir  60 kr·60=3 600 kr. Gebyret i samband med oppstart av lånet kan vi rekne ut ved å trekkje 200 000 kroner frå lånesummen på 203 211 kroner. Det blir 3 211 kroner. Til saman blir dette 6 811 kroner.

f) Kva blir den effektive renta?

Løysing

Den effektive renta er 5,23 prosent.

g) Den eine delen av startgebyret er tinglysingsgebyr i samband med billån. Dette gebyret var 1 051 kroner i januar 2019. Den andre delen er eit gebyr banken tek sjølv.

Kor mykje tek banken sjølv for å gi Hjalmar lånet?

Løysing

Banken tek  3 211 kroner-1 051 kroner=2 160 kroner  sjølv.

h) Kor mykje betaler Hjalmar til saman i renter og gebyr?

Løysing

Lånekalkulatoren viser ikkje kor mykje det blir til saman i renter og gebyr. Derfor kopierer vi tala i nedbetalingsplanen til eit rekneark og summerer kolonnane for gebyr og renter, og vi hugsar på å ta med startgebyret på 3 211 kroner. Han betaler totalt 28 421 kroner i renter og gebyr.

Nedst på sida kan du sjå utrekningane i reknearket.

KL-4

Prøv deg litt sjølv med ulike lånebeløp, og gjer deg kjend med ulike lånekalkulatorar. Sjekk til dømes kor mykje du må betale i terminbeløp for å kjøpe ei leilegheit.

Lyst kjøkken med eteplass. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

KL-5

Nemn to årsaker til at den effektive renta på eit lån blir større enn den nominelle.

KL-6

a) Finn månadsrente og dagsrente på eit lån der renta er 4,5 prosent per år.

Løysing

4,5 %12=0,375 %

0,375 %30=0,0125 %

Månadsrenta er 0,375 prosent, og dagsrenta er 0,012 5 prosent.

b) Finn månadsrente og årsrente på eit lån der dagsrenta er 0,01 prosent.

Løysing

Her må vi gjere det motsette av i oppgåve a).

0,01 %·30=0,3 %

0,3 %·12=3,6 %

Månadsrenta er 0,3 prosent, og årsrenta er 3,6 prosent.

KL-7

a) Eit lån på 500 000 kroner står urørt gjennom eit heilt år. Renta på lånet er 3,2 prosent og blir lagd på éin gong i året.

Kor mykje rente blir det i løpet av året på lånet?

Løysing

Vi må finne 3,2 prosent av 500 000 kroner. Årsrenta blir

500 000 kr·3,2100=16 000 kr

b) Eit billån på 300 000 kroner står urørt i éin månad. Renta er 4,9 prosent per år.

Kor mykje rente blir det i løpet av éin månad?

Løysing

Vi kan rekne ut månadsrenta først dersom vi vil. Her har vi rekna ut svaret i eitt reknestykke. Renta for dei tre månadene blir

300 000 kr·4,9100·12=1 225 kr

c) Eit bustadlån på 2 000 000 kroner har ei rente på 2,9 prosent per år.

Kor mykje rente blir det i løpet av éin dag?

Løysing

Renta for ein dag blir

2 000 000 kr·2,9100·12·30=161,11 kr

(Her har vi rekna ut alt i éi utrekning i staden for først å finne dagsrenta.)

KL-8

a) Eit lån står urørt eit heilt år. Renta på lånet er 3,2 prosent per år og blir lagt på éin gong i året.

Kor stort er lånet når renta på det i løpet av året blir 16 000 kroner?

Løysing

Vi går "vegen om 1" og finn ut kor mykje 1 prosent svarer til før vi reknar ut kor mykje 100 prosent svarer til. Lånet er på

16 000 kr3,2·100=500 000 kr

b) Eit billån står urørt i éin månad. Renta er 4,9 prosent per år.

Kor stort er lånet når renta på det i løpet av éin månad blir 1 225 kroner?

Tips

Her kan det vere lurt å rekne ut månadsrenta først.

Løysing

Alternativ 1

Månadsrenta i prosent blir

4,9 %12=0,4083 %

Summen på 1 225 kroner skal svare til 0,408 3 prosent. Vi går vegen om 1 og får at lånet er på

1 225 kr·1000,4083=300 000 kr

Alternativ 2

Vi set lånesummen lik x og set opp uttrykket for å finne renta for éin månad, som vi veit skal bli 1 225 kroner.

x·4,9100·12=1 225x·4,9100·12·100·12=1 225·100·124,9x=1 470 0004,9x4,9=1 470 0004,9x=300 000

c) Eit bustadlån har ei årsrente på 2,9 prosent. Renta på lånet i løpet av éin dag blir 966,67 kroner.

Kor stort er lånet?

Løysing

Dagsrenta i prosent blir

2,9 %12·30=0,008 06 %

Renta for éin dag skal altså svare til 0,008 06 prosent. Vi går vegen om 1 og får at lånet må vere på

161,11 kr·1000,00806=1 999 986 kr

Her burde vi ha fått nøyaktig 2 000 000. Kva er årsaka til det?

Oppgåva kan òg løysast med likning tilsvarande som i den førre oppgåva.

d) Kunne du ha funne svaret på a), b) og c) utan å rekne?

Løysing

a)-oppgåvene i oppgåve 4.2.7 og 4.2.8 er den same situasjonen berre at han er snudd om på. Slik er det for b)- og c)-oppgåvene òg. Vi vil derfor finne svaret på oppgåvene i 4.2.8 i oppgåvetekstane i 4.2.7.

KL-9

Vi lagar ein tredje vri på oppgåvene over der vi lèt som at rentesatsen er ukjend.

a) Eit lån på 500 000 kroner står urørt gjennom eit heilt år. Renta i løpet av året blir 16 000 kroner. Rentene blir lagde på éin gong i året.

Kor stor er årsrenta på lånet?

Tips

Vi må finne ut kor mange prosent 16 000 kroner er av 500 000 kroner.

Løysing

Årsrenta er

16 000 kr500 000 kr·100 %=3,2 %

Dette stemmer med tala frå a)-oppgåvene ovanfor.

b) Lag ei tilsvarande oppgåve av b)-oppgåvene ovanfor.

c) Vis korleis vi reknar ut svaret på denne oppgåva.

d) Lag ei tilsvarande oppgåve av c)-oppgåva ovanfor.

e) Løys denne oppgåva.

KL-10

a) Eit billån er på 240 000 kroner. Den nominelle årsrenta er 4,8 prosent og blir lagd til éin gong for året.

Kor mykje rente blir det på 5 månader dersom lånet står urørt?

Løysing

Vi reknar ut månadsrenta først.

4,8 %12=0,4 %

Så reknar vi ut kor mykje rente det blir på éin månad og multipliserer med 5.

240 000 kr·0,4·5100=4 800 kr

b) Therese hadde 1. mars 2020 eit studielån på 234 000 kroner. Ho fekk innvilga betalingsutsetjing for mars og april.

Finn den flytande lånerenta til Lånekassen i denne perioden, og rekn ut kor mykje større lånet hennar vart på grunn av betalingsutsetjinga. Vi går ut frå at det ikkje blir lagt på renter på lånet i perioden.

Tips

Lånet vil i denne perioden auke like mykje som renta for dei to månadene.

Løysing

Lånet auka med 1 024,92 kroner.

c) Eit lån stod urørt i 4 månader. Dette medførte renter på 8 580 kroner. Det vart ikkje lagt på renter i denne perioden. Årsrenta på lånet er 4,2 prosent.

Kor stort var lånet i starten av dei 4 månadene?

Løysing

Vi må rekne ut månadsrenta både i kroner og prosent.

Månadsrenta i prosent er 4,2 %12=0,35 %.

Månadsrenta i kroner er 8 580 kr4=2 145 kr.

Så går vi vegen om 1 sidan 2 145 kroner svarer til 0,35 prosent. Storleiken på lånet var

2 145 kr0,35·100=612 857 kr

Løysingar med rekneark

Filer

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2022

Læringsressursar

Kredittkort og lån