Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Produksjon av elektrisk energi frå vindmøller i Noreg

Kor mykje elektrisk energi blir det produsert frå vindmøller i Noreg i dag? Kan vindmøller bli ein betydeleg bidragsytar til produksjon av elektrisk energi i Noreg i framtida?

Oppgåve

Gå inn på Statistisk sentralbyrå, SSB, vel "STATISTIKK", "Energi og industri", "Energi" og deretter "Elektrisitet". Bla deg så nedover til du finn tabellen "12824: Elektrisitetsbalanse (MWh)". (Du kan eventuelt berre skrive "12824" i søkefeltet på framsida til SSB.)

Dette er ein tabell der du sjølv kan gå inn og velje variablar og tidsepokar.

Gå inn i denne tabellen, og gjer val slik at til dømes følgjande linjediagram og tabell kjem fram:

Linjediagram som viser månadleg produksjon av vindkraft og vannkraft i Noreg frå juli 2018 til april 2019. Skjermutklipp.

Spørsmål

1) Forklar kva diagrammet viser.

Løysingsforslag og kommentarar

Diagrammet viser produksjonen av elektrisk energi (elektrisk kraft) frå vasskraft og frå vindmøller i perioden frå juli 2019 til og med mars 2020. Merk måten månadene og årstal er angitt på førsteaksen i diagrammet.

Diagrammet viser produksjon fordi variablane "01.01 Vannkraft" og "01.03 Vindkraft" er vald, som forklaringa nedst i diagrammet viser. Variablar som byrjar med "01", har med produksjon å gjere.

Merk at overskrifta i diagrammet er ei generell overskrift som skal dekkje alt som kan lagast frå desse tabellane.

2) Lag ei betre og meir beskrivande overskrift til diagrammet.

Løysingsforslag

"Produksjon av elektrisk energi frå vasskraft og vindkraft i perioden juli 2019–mars 2020"

Tabell som viser den månadlege produksjonen av vasskraft og vindkraft i Noreg frå juli 2019 til april 2020. Tabell.
  • Bruk tabellen ovanfor og den eigenkomponerte tabellen din, og kommenter utviklinga av produksjon av elektrisk energi frå vindmøller i Noreg dei siste åra. Kva kan årsakene til endringane vere?
  • Utvid tabellen, og finn ut når omtrent produksjonen av elektrisk energi frå vindmøller i Noreg vart så stor at SSB tok han med i statistikkane sine.
  • Rekn ut samla mengde elektrisk energi frå vindmøller i 2018 og i 2019. Gi svara i både kWh, MWh og TWh.
  • Kva er namna på måleeiningane ovanfor, og kva er samanhengen mellom dei? Kva er ei naturleg måleeining for den samla årlege produksjonen av elektrisk energi i Noreg?
  • Du lèt ein elektrisk panelomn varme opp rommet ditt gjennom vinteren. Du lèt han stå på effekten 1000 W heile døgnet i til saman seks månader. Vis at då har panelomnen din brukt nesten 4 400 kWh.
  • Ein vanleg husstand i Noreg bruker i gjennomsnitt 20 000 kWh energi i året. Kor mange husstandar kunne få dekt behovet sitt for elektrisk energi frå vindmøller i 2018? Kor mange husstandar kunne få dekt behovet sitt for elektrisk energi frå vindmøller i 2019?
  • Kor mange husstandar i Noreg kunne få dekt behovet sitt for elektrisk energi frå vindmøller dei siste tolv månadene?
  • Finn ut om planar for framtidig utbygging av vindmøller i Noreg.
  • Med tanke på utviklinga dei siste åra, korleis trur du produksjonen av elektrisk energi frå vindmøller vil bli dei neste åra?
  • Er det realistisk å tru at energi frå vindmøller kan dekkje behovet for elektrisk energi dersom heile transportsektoren i Noreg skal bli elektrisk?

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2020

Læringsressursar

Utforskande oppgåver knytte til samfunnsliv