Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på hjarte- og lungeredning

Det er viktig å kome raskt i gang med hjarte- og lungeredning. Her finn du ei oppgåve for å øve på det.
Dame utfører HLR på ein mann på stranda. Illustrasjonsfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ta utgangspunkt i ressursen under når du løyser denne oppgåva.

Relatert innhald

Tidleg start av hjarte- og lungeredning kan vere med å auke moglegheita ein person har til å overleve, betydeleg, her tel kvart minutt.

Oppgåve

Tre elevar skal gå i lag. Bruk ei HLR-dokke til øvinga. Ein skal ta leiinga og bestemme kven på gruppa som skal gjere kva.

  • Ein skal ringe til 113.
  • Ein skal vere AMK-sentralen (113) og ta imot telefonsamtalen.
  • Ein skal setje i gang med HLR.

Når de har prøvd dette ein gong, rullerer de, slik at alle på gruppa til slutt har prøvd alle dei tre ulike oppgåvene.


CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2020

Læringsressursar

Førstehjelp