Hopp til innhald

Fagstoff

Kroppsleg læring og turn, økt 2

Turn som aktivitet gir ei unik moglegheit til å lære, sanse, oppleve og skape med kroppen. I denne økta skal du saman med ein læringsven halde fram med å jobbe med turn og kroppsbevisstheit.
Jente som prøver å stå på hovudet, og ei anna jente som støttar ho og held hendene på hoftene hennar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opplegget som er presentert under, er eit forslag på fire økter i turn med ein tenkt progresjon. Det inkluderer òg videoar med øvingsutval der du kan velje ut frå nivået ditt. Det er lagt vekt på at opplegget skal bidra til utforsking, refleksjon og undring, åleine, i par og i grupper.

Til lærar

Tips til førebuing

  • Ha ein samtale med elevane om læringsmål for økta og perioden. Repeter og korleis dei blir vurderte.

  • Ha ein samtale med elevane om kva dei lærte sist, og kva erfaringar dei har med å gi og å få konstruktive tilbakemeldingar.

  • Repeter koordinasjon, styrke, rørsleevne og fysisk og psykisk uthald med vg2-elevane.

Læringsmål

Målet med perioden (fire økter) er at du skal

  • trene på grunnøvingar og vidarekomne element i turn ut frå eigne føresetnader (vg1)

  • reflektere over kva du får til med kroppen din, og kva du må jobbe meir med (vg1)

  • gi positive og konstruktive tilbakemeldingar (vg1)

  • utfordre deg sjølv og ikkje gi oppsjølv om du opplever å ikkje få til (vg1)

  • forstå korleis du kan utvikle koordinasjon, styrke, rørsleevne, psykisk uthald (øve og prøve sjølv om du ikkje opplever meistring) og fysisk uthald gjennom å trene på øvingar i turn (tillegg for vg2)

Oppvarming i turn (20 minutt)

Gjennomfør øvingane frå "Spesiell oppvarming turn – parøvingar" saman med læringspartnaren din.

Spesiell oppvarming i turn, parøvingar

Hovuddel, del 1 (30 minutt)

Gjer "Grunnøvingar" i turn saman med læringspartnaren din.

  • Vis kvarandre annankvar gong, bruk to til tre minutt på kvar øving, og gi kvarandre positive og konstruktive tips og tilbakemeldingar.

  • Når de kjem til spinnøvingane (piruett og hopp med vending), stopp opp og diskuter:

    1. Kvifor er det viktig med timing av armar/overkropp-hopp-spinn?

    2. Varier mellom passive og aktive armar og kor tidleg du startar vendinga, og kjenn på kroppen kva du opplever.

    3. Når i rørsla er det lettast å ha kontroll? Ha gjerne ein strek eller eit punkt å gå ut ifrå.

    4. Kvifor er fiksering viktig her?

  • Gi kvarandre tilbakemelding. Vel to turnøvingar du meiner læringspartnaren din var ekstra god på, grunngi kvifor. Kom gjerne med forslag til korleis øving og utføring kan bli betre.

Grunnøvingar i turn

Hovuddel, del 2 (15 minutt)

  • Finn fram nødvendig utstyr, og tren på ei sjølvvald turnøving, anten frå "Turnøvingar 1" eller "Turnøvingar 2", saman med læringspartnaren din.

  • Tilpass ut ifrå nivået og føresetnadene dine.

  • Gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs.

Turnøvingar 1
Turnøvingar 2

Avslutning (5 minutt)

Diskuter (kombiner gjerne med lett uttøying):

  • Kva får du til no, og kva må du jobbe meir med på den sjølvvalde turnøvinga di?

  • Korleis kan det du har lært av grunnøvingar hjelpe deg til å klare meir avanserte turnelement?

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du gitt til læringspartnaren din?

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du fått av læringspartnaren din?

  • Klarer du å øve individuelt og i par utan å gi opp?

Ekstra for vg2

  • Kva koordinative eigenskapar har du jobba med denne økta? Forklar når du har brukt dei ulike eigenskapane.

  • Korleis og i kva øvingar har du brukt eigenskapane styrke, uthald og rørsleevne?

  • Kva betydning har psykisk uthald når du trener på nye øvingar i turn?

CC BY-SASkrive av Charlotte Buer Tangen og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Turn