Kroppsøving (vg3)
Rørsleaktivitet
Kroppen er laga for å vere i rørsle. Ved å vere i regelmessig aktivitet held vi oss i form og reduserer risikoen for å få sjukdommar og skadar. Det finst mange ulike aktivitetar du kan drive med. I dette emnet har vi samla idrett, dans og andre aktivitetar.
Idrettar
Historia til idretten går fleire tusen år tilbake i tid. Kinesarane dreiv med idrett for 4000 år sidan, og dei gamle egyptarane dyrka idrettar som symjing, fisking, spydkast, høgdehopp og bryting. Den "moderne" idretten, derimot, oppstod først i England på 1700-talet.
Turn
Turn er ein idrett og aktivitet som lar deg utfordre både koordinasjon og mentale eigenskapar. I dette emnet skal du få sjå ulike øvingar, korleis dei vert utførte, og enkle hjelpeøvingar som kan gi deg framgangen du ønskjer.