Talet på spelarar
Kvart lag har fem spelarar på banen.
Speletid
Det blir spelt fire periodar à 10 minutt effektiv tid (klokka skal stoppast ved stopp i spelet).
Skrittregelen
Det er berre lov å ta eitt skritt når du held ballen. Ved pivotering kan du flytte pivoteringsbeinet fleire gonger i inntil fem sekund.
Dribling
Berre éin dribleserie er tillaten.
Kroppskontakt
Bevisst kroppskontakt er ikkje lov i basketball. Den som er årsak til kontakten, skal det dømmast foul mot. I tronge situasjonar, spesielt rundt korga, vil det likevel oppstå kroppskontakt som ikkje utan vidare er regelbrot. Kontakt er generelt ikkje til å unngå, derfor må dommarane bruke skjønn og vurdere ferdigheitsnivået til spelarane, fordel/ulempe i dei enkelte situasjonane og samtidig passe på at det blir god flyt i spelet.
Frikast
Frikast skal takast etter eit regelbrot, til dømes dersom nokon tek for mange skritt med ballen, dyttar ein motspelar, stoppar eller hindrar ein motspelar ved å halde armane ut til sida, eller dersom nokon bryt fem- og tresekundsregelen. Alle frikast (med unntak av straffekast) skal takast frå sidelinja.
Femsekundsregelen
Det er ikkje lov å halde ballen i meir enn fem sekund. Da må du anten sende ballen frå deg eller starte ei dribling.
Tresekundsregelen
Ein angripar, med eller utan ball, kan ikkje opphalde seg i tresekundsfeltet i meir enn tre sekund. Når det er gjort skotforsøk, får angriparen tre nye sekund.
Straffekast
Blir ein spelar teken idet han eller ho skyt, skal det dømmast straffekast. Det er vanleg med to straffekast.
Skåring
- 1 poeng for kvart straffekast
- 2 poeng for ordinær skåring
- 3 poeng for skot utanfor trepoengslinja
Spelet skal setjast i gang frå kortlinja etter skåring.
Les meir om offisielle spelereglar hos Norges Basketballforbund.