Kroppsøving (vg3)
Rørsleaktivitet
Kroppen er laga for å vere i rørsle. Ved å vere i regelmessig aktivitet held vi oss i form og reduserer risikoen for å få sjukdommar og skadar. Det finst mange ulike aktivitetar du kan drive med. I dette emnet har vi samla idrett, dans og andre aktivitetar.
Idrettar
Historia til idretten går fleire tusen år tilbake i tid. Kinesarane dreiv med idrett for 4000 år sidan, og dei gamle egyptarane dyrka idrettar som symjing, fisking, spydkast, høgdehopp og bryting. Den "moderne" idretten, derimot, oppstod først i England på 1700-talet.
Basketball
I 1891 fann ein kanadisk kroppsøvingslærar, James Naismith, opp det som skulle bli ein av dei største lagidrettane i verda. Basketball er mykje brukt som aktivitet i kroppsøving, det høver òg godt for å øve på eigenskapar som samarbeid og respekt for kvarandre.