Undervisningsopplegg i innebandy
Til læraren
I denne ressursen finn du nokre filmar om teknikkar i innebandy og forslag til øvingar som du og elevane dine kan bruke i ei eller fleire økter med innebandy. Øvingane skal gi moglegheit til å øve, prøve og bruke eigne ferdigheiter og kunnskapar til å fremme læring hos seg sjølv og andre.
Dette krev at elevane samarbeider og hjelper kvarandre i læringsprosessen. Sentralt ligg inkludering, anerkjenning og respekt for kvarandre og for reglane i spelet. Utgangspunktet er innebandy som aktivitet og funksjonell bruk av grunnleggande teknikkar.
Denne ressursen er lagt opp til at elevane skal lære av kvarandre, og dermed kan heile økta eller delar av økta blir gjennomført med læringspartnar.
Ta gjerne ein prat med elevane om læringsmåla i starten av økta og repeter undervegs.
Læringsmål
Målet for øktene er at du skal
forstå og bruke utvalde reglar i spel
øve på, utvikle og bruke grunnleggande teknikkar som ballføring, pasning og mottak, dragskot, slagskot og spel
medverke til læring for andre ved å gi positive og konstruktive tilbakemeldingar og ved å bruke teknikkane til å vere ein god læringspartnar
reflektere over korleis innebandy påverkar og utviklar koordinasjon, styrke, rørsleevne og uthald (tillegg for vg2)
Førebuing
Sjå på filmar om innebandyteknikkar.
Filmar om innebandyteknikkar
Oppvarming
Føre ball på strek
Bruk ei kølle og ein ball. Finn deg ein strek på golvet i hallen og før ballen din på denne streken. Prøv å føre ballen med begge hender på kølla. Gå framover og bakover, prøv også å auke farten.
Føre ball i firkant
Før ballen inni ein firkant. Du skal ha kontroll på eigen ball og samtidig prøve å slå ut ballen til dei andre, slik at dei mistar kontrollen over ballen sin. Mister du kontrollen over ballen din, går du over i neste firkant der du skal gjere akkurat det same.
Hauk og due
Ein person er hauk, dei andre er duer. Duene skal prøve å komme seg frå den eine sida av hallen til den andre. Duene har ein ball kvar som dei skal føre over golvet. Hauken skal prøve å ta ballen frå duene. Om hauken slår bort ballen din slik at du mistar kontroll over han, blir du hauk og skal vere med å ta ballane frå duene. Hald fram heilt til det er igjen ei due.
Fuglane er svoltne
Del dykk (fuglane) likt og still dykk i kvart deira hjørne (reir) i salen. På midten blir det lagt ein haug med ballar (mat) som fuglane skal hente på signal. Maten fraktar de ved å føre ein og ein ball frå midten og tilbake til reiret. Dei som samlar flest, vinn. Etterpå er det om å gjere å legge maten på plass igjen på same måte.
Hovuddel
Flest pasningar
To og to skal slå pasningar til kvarandre på tid. Det er om å gjere å slå flest samanhengande pasningar utan å miste ballen. Mistar paret ballen, må de starte teljinga på nytt. Etter ein runde er det om å gjere å prøve å slå eigen rekord. Samarbeid om å få til gode pasningar og gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs.
Par-innebandy
Spel vanleg innebandykamp der to spelarar samarbeider om ei kølle. Dette stiller store krav til samarbeid.
Har han!
Alle, bortsett frå to–tre personar, har kvar sin ball og beveger seg innanfor eit avgrensa område. Dei utan ball skal prøve å få tak i ein ball.
Ti trekk
Del dykk i to eller fleire lag. Kvart lag skal prøve å få til ti pasningar i laget utan at det andre laget eller dei andre laga får tak i ballen. Ti pasningar i laget gir poeng, og deretter er det det andre laget ballen sin. Avgrens speleområdet etter talet på deltakarar og ferdigheitsnivå.
Sjøslag
To lag står på kvar sin banehalvdel med ei mengde ballar fordelt likt på kvar halvdel. Øvinga går ut på å skyte alle ballane over på motsett banehalvdel. Det laget som har færrast ballar på sin halvdel når leiaren blæs av, har vunne. Det kan vere lurt å markere ei sone midt på banen der ingen spelarar har lov å vere, eit "ingenmannsland".
Teknikkløype
Lag ei løype med ulike utfordringar. Øvinga kan òg gjennomførast som stasjonar. Det kan vere å
føre ballen mellom kjegler
utføre pasning og mottak mot benk eller med medelev
føre ballen mot ei kjegle og så vende eller utføre ei finte
vippe ballen over ein benk og få kontroll på ballen etterpå
føre ballen med ei avslutning mot mål
øve på presisjonsskot/pasning ved å slå ein ball mellom to kjegler, på den andre sida av kjeglene kan det anten vere eit mål eller ein person som skal ta imot ballen
Spel mot kjegle
Spel mot ei kjegle. Den eine skal prøve å skåre på kjegla, mens den andre skal forsvare ho. Denne øvinga kan gjennomførast ein mot ein eller to mot to, og då med høvesvis ei eller to kjegler.
Spel
Del inn i lag og spel. Laget skal legge taktikken saman. Start med ein prat om kva alle på laget er gode til og kan bidra med.
Reglar
Diskuter i grupper og kom med forslag til reglar. Set dykk inn i fagartikkelen om reglar i innebandy. Bli deretter einige om kva reglar de skal spele med.
Avslutning
Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar fekk du av læringspartnaren din?
Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar gav du til læringspartnaren din?
Plukk ut ein del frå timen i dag der du lærte noko nytt eller lærte noko endå betre.
Korleis lærte du det? Kan du bruke dette til at andre lærer òg?
For vg2: Kva fysiske eigenskapar påverkar du når du speler volleyball?
Undervisningsforslag for ulike trinn
Under finn du forslag til korleis økter med innebandy kan gjennomførast på dei ulike trinna.
Vg1
Gjennomfør fire til seks undervisningsøkter der heile timen eller delar av timen blir brukt saman med læringspartnar og/eller fleire.
Vel ut ein eller to teknikkar du/de ønsker å trene på. Kva er viktige element for å lykkast med teknikken(e) du/de har valt? Bruk videoane i denne ressursen dersom de er usikre.
Gå saman med ein læringspartnar.
Gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs retta mot teknikkane du/de har valt.
Vg2
Gå saman med ein læringspartnar.
Vel ut ein eller to teknikkar du ønsker å trene på.
Gjennomfør fire til seks undervisningsøkter der heile eller delar av timen blir brukt saman med læringspartnar og/eller fleire.
Kva koordinative eigenskapar har du jobba med denne økta? Diskuter med partnaren din. Forklar når du har brukt dei ulike eigenskapane.
Korleis og i kva øvingar har du brukt eigenskapane styrke, uthald, rørsleevne og koordinasjon?
Vg3
Vurder din eigen kompetanse i den valde aktiviteten.
Gå saman i ei læringsgruppe som har valt den same teknikken. Plukk ut tre element i kvar teknikk som er viktig. Bruk videoane på denne sida dersom de er usikre.
Vel ut ein eller fleire teknikkar du ønsker å øve på og utvikle.
Film teknikkane/rørslemønstera du vel, og beskriv munnleg kva du ønsker å øve på og utvikle.
Film øvingane du bruker for å utvikle teknikkane/rørslemønstera. Beskriv munnleg øvingane og kva som er viktig å fokusere på i gjennomføringa.
Film teknikkane/rørslemønstera i funksjonell bruk.