Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskusjonsoppgåver om fair play

Samarbeid og det å løyse oppgåver saman med andre er ein del av kroppsøvingsfaget. Fair play handlar om å respektere kvarandre, anerkjenne ulikskap og inkludere alle, uavhengig av føresetnader. Under finn du oppgåver om fair play, som du kan diskutere saman med andre.
Gutar speler handball ute på grasplen. Foto.
  1. Kva betyr eigentleg fair play? Kven skal du vere "fair" mot?
  2. Kva betyr det å respektere medspelarar, motspelarar, medelevar, lærarar?
  3. Kva betyr fair play i praksis? Korleis kan du utøve fair play om du til dømes jobbar med aktiviteten basketball i kroppsøvingstimen? Eller i aktivitetar som dans eller turn?
  4. Korleis kan du overføre fair play til andre situasjonar i kvardagen?
  5. Ser du nokre fordelar og ulemper med fair play?

Vurder påstandane i oppgåvene om fair play frå Norges Fotballforbund (fotball.no).

Relatert innhald

Samarbeid og det å løyse oppgåver og utfordringar i eit læringsfellesskap er ein del av kroppsøvingsfaget.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 18.06.2020

Læringsressursar

Fair play