Hopp til innhald
Fagartikkel

Fôring og stell av gris

Fôret er den største posten blant dei variable kostnadene i svinehaldet, så god og effektiv utnytting av fôret er avgjerande for å kunna oppnå god lønnsemd.

Amminga tek gradvis slutt, og hos gris som lever fritt, sluttar smågrisene å suga mjølk hos mora når dei er om lag fire månader gamle. I moderne norsk smågrisproduksjon går ungane vanlegvis saman med mora i fem til seks veker etter fødselen før dei blir skilde åt. Vi kallar dette for avvenning, sidan dei då må venjast til andre etevanar og venjast av purkemjølk som viktigaste fôret – og venjast av å vera nær mora. Det er vanleg å byrja å gi smågrisene litt tørt fôr allereie når dei er ein til to veker gamle, slik at overgangen ved avvenning ikkje skal verta for brå. For å unngå at smågrisene skal koma i eit nytt miljø med nye smittestoff samtidig som dei ikkje lenger får mjølk frå mora, er det tilrådd å ta purka frå smågrisene og ikkje omvendt.

Avvenning

Smågriser er utsette for jernmangel, anemi, under vanlege driftsforhold. Derfor må dei få tilskot av jern, anten gjennom fôret eller ved injeksjon. Dei er også utsette for magesjuke, diare. Særleg sårbare er dei gjerne når dei er rundt tre veker gamle, når immuniteten som dei fekk tilført med råmjølka dei første døgna dei levde, er borte, og før dei har opparbeidd ny immunitet mot smittestoffa dei har i nærmiljøet. Dette er eit viktig argument for å vente med avvenning til smågrisene er om lag fem veker gamle. Dersom vi ventar for lenge, vert purka tappa for kroppsreservar fordi ho må produsere mykje mjølk for lenge. Det kan gå ut over produksjonen av neste kull.

Fôring av smågris

Griser veks relativt fort. For at dei skal kunna utnytta vekstevna, er moderne griser avhengige av å få tilført store nok mengder med energi og dei næringsstoffa dei treng – både protein, mineral og vitamin. Det er mest vanleg å fôra gris med fabrikkproduserte kraftfôrblandingar, som er tilpassa næringsbehovet hos gris i ulike fasar av livet.

Smågris veks raskt, og dei treng eit lett fordøyeleg og næringsrikt fôr. Etter smågrisperioden og fram mot om lag 50 kg levandevekt treng dyra framleis eit fôr med relativt mykje protein, men dei har ikkje same kravet til lett fordøyelege næringsstoff som for smågrisfôr. Etter kvart som grisene vert eldre og nærmar seg 100 kg levandevekt, klarer dei seg med fôr som inneheld endå mindre protein per kg. I mange slaktegrisbesetningar vert det derfor brukt ei fôrblanding i første delen av oppfôringstida fram til grisene når om lag 50 kg levandevekt, og ei anna blanding med mindre protein – og som derfor kostar mindre per kg – i siste delen av oppfôringstida. I andre besetningar er det vanleg å bruka ei og same blandinga i heile slaktegrisperioden.

Fôring av slaktegris

Kor mykje fôr grisene får, må tilpassast evna dei har til å veksa og utvikla musklar. Vekstevna bør utnyttast, samtidig som vi må unngå at slakta vert for feite. Fôrleverandørane og eigne erfaringar frå besetninga gir informasjon om kor mykje fôr grisene bør få. Eit forslag til vanleg mengde er at slaktegrisar bør få om lag 1 kg fôr per dag når dei veg rundt 20 kg, dei bør få om lag 2 kg når dei veg 50 kg, og om lag 33 kg når dei har 100 kg levandevekt. Men følg med på fôropptak, dagleg tilvekst, kjøtprosent i slakta og ikkje minst kilo fôr brukt per kilo tilvekst.

Kastrering

Frå naturens side veks hanngriser, rånar, raskare enn purker, men kjøtet frå hanngriser kan få ei spesiell lukt og ein spesiell smak. Denne smaken og lukta, som kjem av kjønnshormon, er det mange som mislikar intenst, og for å unngå slik usmak har det vore vanleg å kastrera rånar ved å fjerna testiklane. Her til lands skal dette gjerast av veterinæren, og det må gjerast medan grisene er små. Dette er smertefullt for dyra, og det kan opna for infeksjonar og sjukdom, i tillegg til at det kostar å få jobben utført. Derfor har det vore prøvd å finna alternativ til kastrering av rånar, utan at ein til no har funne ei god løysing. Kastrerte hanngriser – kastratar – har ei evne til tilvekst som ligg mellom den for rånar og purker.

Fôring av purker

Vi bruker spesielle fôrblandingar for purker, og ulike blandingar for ungpurker, drektige dyr og purker som har grisungar hos seg. I løpet av perioden frå ein smågrisfødsel til den neste endrar purka sitt behov for fôr seg kraftig. Rett etter grising begynner produksjonen av mjølk, og næringsbehovet stig raskt til eit nivå som er tre til fire gonger så høgt som når det var på sitt lågaste i tida før grising. Etter avvenning stoppar mjølkeproduksjonen, og næringsbehovet fell dramatisk att. Fôrmengda må då tilpassast behovet for å unngå at purkene vert for feite, sidan det går ut over fruktbarheita og mjølkeproduksjonen for neste kull. Men det er ei utfordring å gjera desse tilpassingane og endringane så skånsame og effektive som mogleg. Det er viktig å vurdera om purka vert for feit eller for mager – vi kallar det å vurdera haldet til dyra.

Grovfôr

Griser har godt av og set vanlegvis pris på å få litt grovfôr i tillegg til kraftfôr. Til slaktegris vil litt ferskt gras eller litt surfôr kvar dag vere med på å halde oppe ein god gjennomgang i fordøyingskanalen, samtidig som det gir dyra noko å halda på med. Til purker, og særleg til gjeldpurker som i perioden medan dei gjekk med smågrisene hos seg, var vande til å eta opptil åtte–ti kilo kraftfôr om dagen, og som etter avvenning berre får ein firedel av dette, er tilskot av grovfôr nødvendig for å unngå plagsam svolt og for å gi dei ei mett kjensle.

Altetar

Sidan grisen er ein altetar, kan han utnytta mange typar fôr. Skal grisen kunna gjera seg nytte av fôret, må det vera fordøyeleg. Derfor nyttar det ikkje å satsa på at gras skal dekkja næringsbehovet hos gris. Matrestar, mjølk, kjøt, korn eller poteter er godt eigna som svinefôr. Kornet bør vera male og potetene kokte for at grisen skal kunna fordøya dei.

Finn ut meir

Finn ut kva kraftfôrblandingar som vert brukte i ei besetning du kjenner til.

  • Kor mange fôreiningar og kor mykje protein inneheld fôret?
  • Er innhaldet av vitamin det same i alle blandingane?
  • Studer ein rapport frå Ingris for ei slaktegrisbesetning du kjenner. Er fôrforbruket per kilo tilvekst god eller dårleg samanlikna med andre besetningar?
  • Kva kan vi gjera for å påverka fôrforbruket?

Hugselappen


Effektiv fôrutnytting er avgjerande for god lønnsemd.

Smågris vert vande av når dei er fem–seks veker gamle.

Kraftfôrblandingar er tilpassa næringsbehovet hos gris i ulike fasar av livet.

Griser er altetarar.

Det er vanleg å gi grovfôr i tillegg til kraftfôr.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Torger Gjefsen.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2018