Fagartikkel
Lysgroing av poteter
Å legge poteter til lysgroing vil seie å plassere dei i lyset slik at dei utviklar groar. Lysgrodde poteter kjem raskare i vekst, og vi får større avling.
- Setjepotetene blir lagde i eit varmt og fuktig rom med kunstig lys eller ute i dagslys ein månads tid før dei skal setjast.
- Groing under slike tilhøve gir korte, lubne og seige groar som ikkje så lett fell av under setjing.
- Lysgroing gir raskare spiring, høgare avling og meir modne knollar.