Godkjenning av hestebedrifter
Godkjenningsordninga heiter Bransjestandard hest. Målet er å ta vare på god hestevelferd og eit trygt og godt miljø for tilsette og kundar. Dei som ønskjer å vera med, kan kontakta Norsk Hestesenter. Norsk Hestesenter administrerer ordninga, men sjølve kontrollfunksjonen er det Matmerk som står for.
Her svarer Øystein Bakken frå Norsk Hestesenter på ti spørsmål om godkjenningsordninga.
Bransjestandard hest er ei godkjenningsordning. Ho er eit hjelpemiddel til å jobba aktivt med kvalitet og HMS. Stikkord er helse, miljø, tryggleik og hestevelferd.
Alle hestebedrifter kan vera med, også dei som ikkje er knytte til gardsbruk. I starten er det dei gode og seriøse bedriftene som deltek i standarden. Vi håper desse bedriftene vil dra med seg fleire bedrifter og på den måten heva omdømmet til næringa i samfunnet.
Det er mange fordelar med ordninga:
- Det er god marknadsføring.
- Det ert enklare å halda seg oppdatert om lover og reglar.
- Papirarbeidet vert forenkla.
- Du har tilgang på skilt, malar, logoar, kontraktar og avtaler.
- Du får dokumentasjon på at du har gjennomført eit lovpålagt HMS-kurs.
- Bransjestandarden dekkjer offentlege kvalitetskrav.
- Det gir kundane ei oversikt over godkjende bedrifter.
- Det kan gi billigare forsikring.
- Du vil byggja eit nettverk med andre bedrifter.
- Du får nyheitsbrev.
- Du kan få rådgiving.
Godkjende bedrifter har lov til å bruka logoen Godkjend hesteverksemd på alt frå stallveggen til nettsider, sosiale medium, marknadsføringstiltak, søknader og brev.
Godkjenningsordninga vert administrert av Norsk Hestesenter.
Matmerk har revisorar som besøkjer bedriftene. Bedriftene vert kontrollerte i starten og minimum kvart fjerde år.
Matmerk er ei stifting som har ansvaret for KSL.
KSL står for kvalitetssystem i landbruket.
Kvalitetssystemet består av sjekklister med rettleiarar. I sjekklistene er det spørsmål om HMS og forhold på stallen. Sjekklistene vert ofte kalla for KSL-standardar.
Dei som er med i Bransjestandard hest, må fylla ut tre sjekklister:
- KSL-standard 1: Generelle krav til garden
- KSL-standard 2: Helse, miljø og tryggleik (HMS)
- KSL-standard 12: Hest i næring
Det første du må gjera, er å ta kontakt med Norsk Hestesenter. Dei gir deg detaljert info om framgangsmåten. Først må du gjennom eit obligatorisk HMS-kurs.
Vidaregåande skular kan også godkjennast gjennom ordninga
Storsteigen videregående skole er godkjend hestebedrift gjennom Bransjestandard hest.
Hugselappen
Bransjestandard hest er ei godkjenningsordning.
Alle hestebedrifter kan vera med.
Det er mange fordelar ved å vera med.
Ordninga vert administrert av Norsk Hestesenter.
Revisorar besøkjer bedriftene.
Matmerk har ansvar for KSL.
KSL er kvalitetssystemet i landbruket.
KSL består av sjekklister og rettleiarar.
Kontakt Norsk Hestesenter for kurs og informasjon.