Hopp til innhald
Fagartikkel

Lager og verkstad i naturbruksnæringane

Naturbruksnæringane har ofte eit stort behov for lagerplass, avhengig av kva type næring eller produksjon dei driv.

Gjødsellager

Dei fleste husdyrproduksjonar treng eit gjødsellager. Sidan vi ikkje kan spreie husdyrgjødsel på jordet om vinteren, må lageret vere stort nok for gjødselproduksjonen gjennom åtte månader. Lageret må ikkje ha lekkasjar, og det må sikrast slik at ikkje barn eller vaksne kan falle nedi. Tankar og siloar utandørs må sikrast med eit minst 1,5 m høgt gjerde eller tilsvarande.

Fôrlager

Innanfor husdyrproduksjonane må vi ha lager til kraftfôr og nokon til grovfôr. Kraftfôr blir gjerne lagra i siloar (store tankar av plast eller stål). Gras til surfôr blir lagra i store ballar, rundballar og firkantballar, eller i siloar av betong eller stål. Siloar kan vere tårnsiloar eller liggande plansiloar (betong). Lageret for surfôr må ha oppsamling av pressaft. Grada av mekanisering bestemmer kva lagringsmetode som skal nyttast. Plansiloar er lettast å mekanisere, og dei har svært stor kapasitet under haustinga.

Skal vi tørke gras til høy, krev det ofte at vi har innandørs tørking, låvetørke. Det mest vanlege er å fortørke graset ute på bakken i ein til to dagar for å få bort det meste av vatnet, samle det saman og transportere det inn på ei låvetørke. Her blir det fortørka graset tørka ferdig ved hjelp av luft frå kraftige elektriske vifter. Låvetørking er ein kostbar metode. Å varme opp tørkelufta ved hjelp av eit solfangartak kan gi kortare tørketid og dermed spare kostnader til elektrisk kraft.

Kornlager

Før korn kan lagrast over tid, må det vanlegvis tørkast. Avhengig av vêret og kvar vi dyrkar korn i Noreg, er innhaldet av fukt ved hausting så høgt at kornet må tørkast i ei korntørke, anten kaldluftstørke (mest vanleg) eller varmluftstørke. I ei varmluftstørke må lufta varmast opp ved hjelp av eit varmeaggregat, i kaldluftstørker blir det brukt uteluft utan oppvarming. Vassinnhaldet må reduserast slik at ikkje bakteriar, sopp eller smådyr kan øydelegge kornet under lagringa. Det er òg nødvendig å køyre luft gjennom kornmassen for å unngå varmgang.

Temperaturen og fukta i kornet ved hausting er avgjerande. Kraftige elektriske vifter transporterer luft inn i kornmassen via luftekanalar. Etter at tørkinga er avslutta, blir kornmassen lagra vidare på tørka fram til kornet kan leverast til mottakarar (møller). Kvaliteten på kornet ved levering må vere god. Spesielt er mugg farleg. Dersom dårleg korn blir brukt til dyrefôr, kan det gi dyra dårleg appetitt og i verste fall føre til sjukdom og kasting (fosterdød). Har du mugg i matkornet, får du ikkje levere det.

Potet og grønsaker

Planteproduksjonar som potet- og grønsaksproduksjon må ha gode lagringsforhold dersom varene skal lagrast ein periode. Rett temperatur og luftfukt er viktig, med godt isolerte hus, kjøleanlegg for å halde rett temperatur og gjerne med utstyr for luftfukting. Slike lager er ofte kombinerte med pakkrom med utstyr for sortering og pakking.

Maskiner og reiskapar

Maskiner og reiskapar utgjer ein svært stor kapital i dei fleste naturbruksnæringar. Mange maskiner blir brukte ei kort tid i året, resten av tida står dei ubrukte. Kontakt med gjødsel, salt, gras og andre stoff gjer at grundig vasking og vern er viktig for å unngå korrosjon og andre skader på maskinene. Ein funksjonell vaskeplass og hus for lagring og vedlikehald av maskinene bidreg til auka driftssikkerheit og lengre levetid for maskinene. Vedlikehald og reparasjonar er gjerne vinterarbeid, så oppvarming av verkstadrom er viktig for å gi eit godt arbeidsmiljø. Verkstadrom skal vere godkjent for varme arbeider (sveis, vinkelslipar).

Tenk gjennom

Kva slags lager og verkstadbygg er vanleg i dei naturbruksnæringane du kjenner til?