Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å vere fagorganisert

I Noreg er det mange som er medlemmar av ein fagorganisasjon, men det er store forskjellar mellom offentleg og privat sektor.
Arbeidstakarorganisasjonen YS i streik. To representantar med eit banner som seier "Likeverd i arbeidslivet". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du jobbar med oppgåvene, kan det vere greitt å vite kva offentleg og privat sektor er.

Offentleg sektor er kommunal og statleg forvaltning. Folk som jobbar kommunalt eller statleg kan til dømes vere lærarar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, tannlegar, jobbe med vegutbygging og i departement, direktorat, hos Statsforvaltaren eller på universiteta.

Privat sektor er privateide bedrifter, aksjeselskap og også ideelle organisasjonar. Viss du jobbar i privat sektor, kan du til dømes jobbe i industri, i ein butikk, med IKT-tenester, på eit treningssenter eller i eit forlag som gir ut bøker.

Oppgåve 1

  1. Gjer ei undersøking blant familie og andre du kjenner. Still følgjande spørsmål:
    1. Kor gammal er du?
    2. Er du fagorganisert?
    3. Kva slags jobb har du? Er det i offentleg eller privat sektor?
    4. Kvifor er du/er du ikkje fagorganisert?
  2. Gå saman i små grupper og lag tabellar baserte på funna deira. Finn de nokon interessante forskjellar eller samanhengar?Presenter deretter tabellen og funna for resten av klassen.

Oppgåve 2

Dei aller fleste i offentleg sektor er fagorganiserte (80 % i 2019), medan det i privat sektor er under halvparten som fagorganiserer seg.

Drøft kvifor det er slik at det er færre i privat sektor som fagorganiserer seg.

Relatert innhald

Som arbeidstakar kan du bli medlem i ei fagforeining som skal hjelpe deg å ta vare på rettane dine som arbeidstakar.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2022

Læringsressursar

Partane i arbeidslivet