Berekraftig utvikling
Naturressursar kan brukast opp
Avskoging har for eksempel vore eit problem som har gått att i mange av dei store sivilisasjonane i verdshistoria. I Europa førte nedhogginga av skog på 16- og 1700-talet til ei frykt for at tømmermangel skulle bli ein trussel mot eksistensen til verdsdelen. Ved Røros vart stadig større område snauhogde for å skaffe kol til koparverket, som starta midt på 1600-talet.
Forståinga for at det måtte vere ein balanse mellom kor mange tre som vart hogde, og kor mange tre som vart planta, vaks fram. Ein skjøna at ein måtte tenke annleis for at kommande generasjonar også skulle ha glede av desse ressursane. Denne måten å tenke på liknar på det vi i dag kallar "berekraftig utvikling".
Tilsvarande eksempel finn vi for dyr. Mens ein tidlegare jakta og fiska utan tanke på gjenvekst, forsøker vi i dag å forvalte vilt- og fiskebestandar slik at dei er mest mogleg stabile og levedyktige.
Berekraftig utvikling på dagsordenen
I vår tid dukka tanken om "berekraftig utvikling" opp att i FN-rapporten Vår felles framtid i 1987. Denne rapporten blir også kalla "Brundtland-rapporten", fordi tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland leia arbeidet som førte fram til han. Her finn vi ein definisjon på berekraftig utvikling som rommar både klima og miljø, økonomi og sosiale forhold:
Bærekraftig utvikling: Vi må sikre behovene til de som lever i dag, uten at dette går utover framtidige generasjoners muligheter til å få oppfylt sine.
(Brundtland-rapporten, 1987)
Det er ikkje vanskeleg å vere samd i at det er fornuftig å jobbe for ei utvikling som er berekraftig. Men korleis får vi det til, og korleis kan vi vite om utviklinga går i ei meir berekraftig retning?
Samarbeid på tvers av landegrenser må til
Ein ting er sikkert: Vi må samarbeide på tvers av landegrensene for å få det til. Den første store miljøkonferansen vart arrangert av FN i Stockholm i 1972. Sidan den tida har det vore arrangert ei rekke møte, og mange avtalar har blitt inngåtte. Målet er å utvikle verda i ei meir berekraftig retning.