Rutinar for avvikshandtering

Refleksjonsspørsmål
Kvifor trur du det er viktig å melde frå om sjølv små avvik i helse- og oppveksttenesta?
Korleis kan det å melde avvik bidra til betre arbeidsmiljø for dei tilsette?
Kva kan vere årsaker til at nokre tilsette let vere å melde avvik?
Korleis ville du sjølv reagert viss du oppdaga eit avvik som kunne true personsikkerheita?
Kva rolle speler tillit og kultur på arbeidsplassen for at avvik faktisk blir melde?
Korleis heng avvikshandtering saman med HMS-arbeidet og gjeldande lovverk, som til dømes pasient- og brukarrettslova, opplæringslova eller barnehagelova?
Korleis kan avvikshandtering brukast til læring og forbetring i staden for at det blir opplevd som skuldingar og kritikk?
Caseoppgåve
De skal jobbe i grupper og utarbeide ein case som beskriv eit avvik i eit sjølvvalt yrke innan helse- og oppvekstsektoren.
Beskriv skriftleg ein situasjon der det skjedde eit avvik. De kan finne på ei hending eller ta utgangspunkt i noko de har opplevd i praksis, eller eit døme henta frå media.
Bruk det interaktive avviksskjemaet under til å dokumentere avviket steg for steg, slik at det kjem tydeleg fram kva det gjeld. De kan eventuelt laste ned skjemaet som Word-fil nedst i oppgåva og fylle det ut som tekstdokument.
Presenter avviksskjemaet for resten av klassen. Diskuter saman:
Korleis kunne situasjonen vore unngått?
Kva konsekvensar kunne det fått om avviket ikkje vart meldt?
Kva vi kan lære av avviket?
Kreativ oppgåve
Lag ein plakat anten på papir eller digitalt. Bruk bilete, ikon, symbol eller fargar som gjer informasjonen lett å forstå. Tenk på skriftstorleik og utforming. Plakaten skal forklare
kva eit avvik er
kvifor det er viktig å melde avvik
korleis du melder avvik på ein arbeidsplass