Seksuell trakassering på arbeidsplassen
Film om seksuell trakassering
I filmen under (lengde 6:49) forklarer ulike fagpersonar meir om temaet seksuell trakassering. Vi møter seniorrådgivar Gunn Robstad Andersen i Arbeidstilsynet, sjukepleiar Liv Bjørnhaug Johansen og fagdirektør Claus Jervell i Likestillings- og diskrimineringsombodet.
Kven har ansvaret?
Du har ansvar for å seie frå om uønskte hendingar, og leiinga har ansvaret for å ta deg på alvor. Dei skal òg gi deg rettleiing når pasientar er for pågåande. Eit tiltak kan vere å setje inn ekstra ressursar. Andre tiltak kan vere at de snakkar om det på avdelinga og gir kvarandre råd. Gode førebyggande tiltak og eit verneombod som er merksam på problematikken, er viktig. Det er òg viktig at du tenker nøye over korleis du opptrer på jobb slik at ikkje andre opplever åtferda di som trakassering.
Uønskte hendingar frå kollegaer kan bli eit stort arbeidsmiljøproblem, og det er viktig at du seier frå til leiinga, andre kollegaer eller verneombodet. Det kan òg meldast til Arbeidstilsynet. Du skal føle deg trygg på jobb og på arrangement i regi av jobb.
Utfordringar til deg
- Kva blir meint med seksuell trakassering?
Kvifor er det viktig å seie frå dersom du opplever uønskt seksuell merksemd på jobben?
Kvifor er det viktig å tenke over at det du meiner som ein morosam kommentar til ein kollega eller venn, kan bli oppfatta som trakassering?
Korleis trur du ein kan førebyggje seksuell trakassering på arbeidsplassen?
Hans er 45 år og er brukar av heimebaserte tenester. Han sit i rullestol. Ein dag du kjem for å hjelpe til med morgonstellet, vil han at du skal vaske han nedantil. Hans klarer eigentleg å vaske seg sjølv, men i dag nektar han. Du merkar at Hans testar grensene dine, og du blir usikker på kva du skal gjere. Han flørtar med deg og vil gjerne at du skal utføre vask nedantil. Forklar med eigne ord korleis du trur du ville reagert i dette tilfellet.
Tenk igjen over omgrepet seksuell trakassering, og beskriv forskjellen på når det skjer mellom kollegaer og frå ein brukar av helsetenester.
Når fleire er meir medvitne om kva som er akseptabel åtferd, vil fleire også bli medvitne om kva som er uakseptabel åtferd. Kva meiner vi med det?