Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Arbeidsoppgåver for apotekteknikaren

Apotekteknikaren har mange ulike arbeidsoppgåver på eit apotek. I denne oppgåva kan du lære meir om arbeidsoppgåvene til ein apotekteknikar og om organisering av apoteket.

Organisering av apotek

Jobb med desse oppgåvene for å lære meir om arbeidsoppgåvene til ein apotekteknikar etter at du har gjort deg kjend i det interaktive apoteket og lese fagartikkelen "Å jobbe på apotek".

Sjølvval

  1. Eit sjølvval har fleire varekategoriar plasserte i sjølvvalsreolar langs veggene og på golvreolane.

    1. Kva kategoriar er sjølvvalet delt opp i?

    2. Kva kategoriar er størst?

    3. Kvifor trur du desse kategorien er størst i sjølvvalet på apoteka?

  2. Kva er forskjellen på handelsvarer og OTC-legemiddel?

  3. Kva typar sjukepleieartiklar finn vi i apotek, og kven er dei berekna for?

Informasjonsrom

  1. Kva er eit informasjonsrom, og kva funksjon har det i apoteket?

  2. Korleis kan informasjonsrom gi betre personvern for kundane på apoteket?

  3. Kva tenester kan utførast i informasjonsrommet, og kvifor er det viktig å ha eit skjerma rom for desse tenestene?

  4. Kva fordelar gir informasjonsrommet for dei tilsette i apoteket?

Reseptur

  1. Kva er reseptur, og kva oppgåver blir utførte der?

  2. Kva typar reseptar finst?

  3. Kven har fritak frå å betale eigendel på blå resept?

  4. Kva type legemiddel høyrer til legemiddelgruppe B?

  5. Kven har rett til å få dekt utgifter til prevensjon?

Rekvirering

Ifølge forskrift om rekvirering og utlevering av legemiddel har legar og tannlegar rett til å skrive ut reseptar.

  1. Kva for nokre andre yrkesgrupper har rett til å skrive ut reseptar?

  2. Kva avgrensingar er det for kva legemiddel desse rekvirentane kan skrive ut reseptar for?

  3. Kva opplysningar er det krav om på ein resept for legemiddel til menneske?

Arbeidsoppgåver for apotekteknikaren

  1. Nemn nokre av dei viktigaste arbeidsoppgåvene til ein apotekteknikar.

  2. Kvifor er det viktig for ein apotekteknikar å halde seg fagleg oppdatert?

  3. Korleis kan ein apotekteknikar bidra til trygg og rett legemiddelbruk for kundar?

  4. Kva inneber det å bli vaksinatør, og kva krav blir stilte til apotekteknikarar for at dei skal kunne bli vaksinatørar?

  5. Korleis kan apotekteknikarar påverke opplevinga til kunden i apoteket?

Caseoppgåve

Ein kunde på 65 år kjem til deg på apoteket. Kunden har vore hos legen og fått beskjed om å oppsøke apoteket for å prøve ut noko syrenøytraliserande.

  1. Kva er syrenøytraliserande, og kva blir dette brukt for?

  2. Gå inn på nettsida til eit apotek.

    1. Finn ut kva syrenøytraliserande middel som finst, og kva former dei kjem i.

    2. Kva er dosering og bruksområde for syrenøytraliserande?

  3. Noter ulike namn på preparat for syrenøytraliserande på nettsida til apoteket.

  4. Gå inn på nettsida til Felleskatalogen. Slå opp preparatet Gaviscon og finn ut av

    1. legemiddelformer

    2. indikasjon

    3. dosering på mikstur

    4. overdosering/forgifting. Er det fare for forgifting ved overdosering?

    5. verknadsmekanisme

    6. ordforklaringar i teksten. Kva er halsbrann?

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen og Ragnhild Hamre Slinning.
Sist oppdatert 02.06.2025