Arbeidsklede og profesjonalitet

1. Finn rett svar
I oppgåva under skal du ta stilling til ulike påstandar om arbeidsklede og profesjonalitet. Vel rett påstand.
2. Arbeidsklede for yrket ditt
Diskuter og reflekter saman med ein medelev.
Korleis er reglane for arbeidsklede for det yrket / dei yrka de planlegg å utdanne dykk til? Lag ei kort oppsummering.
Har de sett døme på yrkesutøvarar innan helseservicefag som ikkje følger retningslinjene for arbeidsklede? Noter stikkord.
Kva kan vere årsaker til at nokon vel å ikkje følge uniformsreglane sjølv om dei har kompetanse om hygiene og smittevern?
De skal jobbe to og to og vurdere det profesjonelle ytret til kvarandre ved hjelp av vurderingsskjemaet under. De kan gjennomføre vurderinga under praktiske øvingar på skulen. Skriv ut skjemaet på førehand og fyll det ut under vurderinga.
Vurderingsskjema
3. Motivasjonsfilm
Samarbeid med ein eller fleire medelevar om å lage ein kort film som viser kvifor det er viktig for helsepersonell å bruke rette arbeidsklede. Filmen skal innehalde både informasjon og grunngivingar. Det skal gå tydeleg fram korleis rette arbeidsklede bidreg til å verne deg som yrkesutøvar og pasientar/kundar og kollegaer mot smitte. Vis filmane i klassen til slutt.