Oppgåvene til spesialisthelsetenesta - Yrkesliv i helsearbeidarfag (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Oppgåvene til spesialisthelsetenesta

Spesialisthelsetenesta har mange ulike oppgåver. Tenesta omfattar mellom anna sjukehusa, akuttmedisinsk behandling, medisinsk nødmeldeteneste, laboratoria, behandling av rusmiddelavhengige og transport av medisinsk personell.

Oppgåver

  1. Nemn tre lover som spesialisthelsetenesta må følgje i arbeidet sitt i verksemdene.
  2. Som helsepersonell kan du få lærlingplass og jobb innanfor spesialisthelsetenesta. Kva arbeidsplassar i nærleiken av bustaden din har spesialisthelsetenesta ansvaret for?
  3. Lag eit tankekart om spesialisthelsetenesta der du tek med viktige omgrep som ansvar, namn på verksemder du kjenner til, innhaldet og føremålet i lova. Du kan òg ta med døme på tenester som blir tilbydde, og kva yrkesgrupper som kan jobbe på dei ulike stadene.
  4. I løpet av ein månad er du innom ulike stader. Kva for nokre av stadene er innanfor spesialisthelsetenesta?

    1. helsestasjon for ungdom
    2. fastlegen
    3. røntgen på poliklinikk på sjukehuset
    4. tannlegen
  5. Ein person er hardt skadd med akutte blødingar. Du tek deg av vedkomande og køyrer mot sjukehuset som er i nærleiken. Du kan berre vegen til hovudinngangen og meiner at det hastar. Du ringjer ein ven som seier de må oppsøkje legevakta i kommunen først.
    1. Kva gjer du og kvifor vel du denne løysinga?
    2. Gå saman i grupper og diskuter om de er samde i løysingane de har kome fram til.
    3. Kva seier spesialisthelsetenestelova om umiddelbar hjelp?

Relatert innhald

Skrive av Hege Nikolaisen .
Sist fagleg oppdatert 12.11.2020