Folkehelselova

Ansvaret til kommunen
Kommunen har hovudansvar for det lokale folkehelsearbeidet. Kommunen har plikt til å kartlegge helsetilstanden i befolkninga og ha oversikt over faktorar i kommunen som kan påverke helsa til innbyggarane. Omsyn til helsa til innbyggarane skal vektleggast i kommunale planar, og kommunen skal setje i verk tiltak for å møte helseutfordringar knytte til både levekår og miljøfaktorar. Kommunen skal òg gi innbyggarane informasjon, råd og rettleiing om kva kvar enkelt sjølv og befolkninga samla sett kan gjere for å fremme helse og førebygge sjukdom.
Ansvaret til fylkeskommunen
Kommunen skal ha oversikt over helsetilstanden og helseutfordringane for innbyggarane sine, og fylkeskommunen har ansvaret for innbyggarane i heile fylket. Fylkeskommunen skal støtte folkehelsearbeidet i kommunane og utarbeide regionale planar for folkehelseutfordringar. I tillegg har fylkeskommunen ansvaret for tannhelsetenesta.
Tenk over
"Helse i alt vi gjer" er eit grunnleggande prinsipp i folkehelsearbeidet. Kva trur du siktar ein til med dette?
Ansvaret til statlege styresmakter
Dei statlege styresmaktene har det overordna ansvaret for all folkehelsepolitikk, og dei skal rettleie og støtte fylkeskommunane og kommunane. Statlege styresmakter skal òg sikre nasjonal folkehelseovervaking og forsking.
Statsforvaltaren
Statsforvaltaren skal sørge for at nasjonale planar for folkehelse blir følgde, og rettleie kommunar og fylkeskommunar i folkehelsearbeidet lokalt og regionalt. Statsforvaltaren skal òg føre tilsyn for å sikre at kommunane og fylkeskommunen oppfyller pliktene sine i folkehelsearbeidet.
Helsedirektoratet
Helsedirektoratet skal ha oversikt over helsa i heile landet og kva som påverkar ho. Dei skal passe på at folkehelsearbeidet svarer på utfordringane, setje i gang nasjonale planar og framme arbeid som bygger på kunnskap. Dei lagar òg retningslinjer for godt folkehelsearbeid. Helsedirektoratet gir råd og informasjon til kommunar, fylke, statsforvaltarar, helsepersonell og folk flest om korleis vi kan jobbe betre med folkehelse.
Folkehelseinstituttet (FHI)
Folkehelseinstituttet forskar og samanfattar kunnskap om folkehelse. FHI gir råd og støtte kommunar, fylke, statsforvaltarar, helsepersonell og befolkninga for å verne innbyggarane mot skadelege miljøfaktorar.
Utfordringar til deg
Kva faktorar knytt til oppvekst- og levekår kan påverke helsa?
Kva miljøfaktorar kan medføre utfordringar for helsa og folkehelsa?
Kvifor er det viktig at omsyn til helsa til innbyggarane blir vareteke i kommunale og fylkeskommunale planar?
Kva ansvar har du for folkehelsearbeidet i nærområdet ditt?
Relatert innhald
Helsefremjande arbeid inneber å leggje til rette for at menneske kan gjere gode val for eiga og andre si helse.
Sosial helseforskjellar som utdanning, økonomi og levekår påverkar helsa, men korleis kan helsa påverke den sosiale statusen din?