Helsepersonellova
Alle lover har eit formål og eit verkeområde. Det betyr at lova skal forklare kva som er viktig i lova, og kven ho gjeld for. I helsepersonellova står det at pasientar skal oppleve sikkerheit, kvalitet og tillit til helsepersonell. Det betyr at når ein er pasient, skal ein vite at dei som er tilsette, har godkjend utdanning og følger regelverket.
Med helsepersonell siktar ein til dei som har autorisasjon som til dømes tannhelsesekretær, helsesekretær, sjukepleiar og lege eller tannlege. Det omfattar òg tilsette i apotek eller studentar og elevar innan helsefaglege opplæring. Portørar har ikkje autorisasjon, men blir rekna som helsepersonell når dei yter helsehjelp. Når du er ute i praksis i skulesamanheng, gjeld lova for deg òg.
Alle verksemder skal organiserast slik at helsepersonellet skal vere i stand til å overhalde pliktene sine. Det vil seie at pasientar og brukarar skal vere trygge der dei oppheld seg.
Autorisasjonsordninga inneber at du søker om løyve til å utøve yrket du har utdanna deg til. Ein autorisasjon er ei godkjenning som viser at du har den faglege og formelle kompetansen som krevst. For å få autorisasjon eller lisens som helsepersonell må du søke om dette etter å ha bestått eksamen i det aktuelle faget ved eit norsk universitet, ein høgskule eller ein vidaregåande skule. Autorisasjonen blir tildelt av Helsedirektoratet. Du kan anten søke om autorisasjon sjølv i det fylket du bur i, eller la skulen sende inn søknaden på dine vegner. Ver merksam på at dette inneber eit gebyr.
Som helsepersonell har du teieplikt når det gjeld opplysningar om pasientar og brukarar som ikkje skal bli gitt vidare. Alle skal kjenne seg trygge på at det du veit, ikkje kjem vidare så framt det ikkje er nødvendig informasjon på arbeidsstaden.
Opplysningsplikt inneber å gi opplysningar vidare til til dømes nødetatar, barnevern eller fastlege viss du har fått opplysningar som gjer at det kan vere fare for liv og helse. Då har du plikt til å melde frå.
Den som yter helsehjelp, skal dokumentere dette i ein journal. Journalen skal bli ført og oppbevart slik regelverket tilseier der du er tilsett. Det er vanlegvis eit digitalt journalsystem som ein skal logge seg på. Journalen skal vere lett å forstå for andre som les han, og dessutan for pasienten sjølv og pårørande ved behov. Han skal førast etter god yrkesskikk og skal innehalde relevante opplysningar om pasienten og helsehjelpa som blir gitt.
Plikta gjeld ikkje for samarbeidande helsepersonell som gir hjelp etter instruksjon eller rettleiing frå anna helsepersonell.
Som helsepersonell har du plikt til å gi nødvendig informasjon til pasientar for å sikre pasientmedverknad, noko som aukar tilliten og sikkerheita til pasienten i helsetenesta. Pasienten skal få tilstrekkeleg informasjon til å kunne gi eit informert samtykke til helsehjelpa. Du skal tilpasse informasjon til alderen, modnaden, erfaringa og språk- og kulturforståinga til mottakaren. Samtidig skal du forsikre deg om at mottakaren har forstått innhaldet. Pasienten skal informerast mellom anna om helsetilstand, undersøkingar, behandlingsmoglegheiter, risiko, biverknader og eventuelle skadar forårsaka av helsehjelpa. For mindreårige under 16 år skal føresette informerast, men dersom barnet motset seg dette, må du vurdere kva som er forsvarleg ut frå alderen og modnaden til barnet.
Du skal òg gi informasjon til pårørande dersom pasienten samtykker, eller viss pasienten er over 16 år, men manglar samtykkekompetanse. Samtykkekompetanse inneber evna pasienten har til å forstå informasjon om helsehjelpa, vurdere konsekvensane av vala sine og evna til å ta sjølvstendige avgjerder.
Utfordringar til deg
Diskuter i par og reflekter over kva konsekvensar det kan få for enkeltpersonar og samfunnet dersom helsepersonell ikkje overheld pliktene sine knytte til teieplikt, dokumentasjonsplikt og informasjonsplikt.
Ein pasient ber deg om å halde ei bestemd opplysning utanfor journalen fordi hen er bekymra for kven som kan få tilgang til informasjonen.
Korleis kan du vareta ønska til pasienten samtidig som du oppfyller dei lovpålagde pliktene dine?
Kva konsekvensar kan det få for pasienten dersom viktig informasjon manglar i journalen?
Diskuter med ein medelev kva de kan gjere for å bygge tillit hos pasienten i slike tilfelle.
Du observerer at ein kollega deler detaljar om ein pasient på sosiale medium.
Kva kan konsekvensane vere for pasienten og kollegaen i dette tilfellet?
Korleis ville du teke opp dette med kollegaen på ein profesjonell måte?
Kva ville du gjort for å sikre at liknande situasjonar ikkje oppstår igjen?