Oppgave
Kommunale helse- og omsorgstenester
I lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. kan du finne ut meir om oppgåvene til kommunane når det gjeld helse- og omsorgstenester, og rettane til desse tenestene for menneske som bur eller oppheld seg i kommunen.
- Helse- og omsorgstenestelova legg vekt på sju ulike punkt for å gi innbyggjarane gode levevilkår.
- Bruk lenkja til lova som ligg som relatert artikkel, og finn ut kva lova seier om kvart av dei sju punkta.
- Skriv ned stikkord om kva plikter desse punkta gir deg som helsefagarbeidar.
- Diskuter stikkorda dine med medelevar.
- Gå inn på nettsida til kommunen din og finn ut korleis dei informerer om helse- og omsorgstenester som er under helse- og omsorgstenestelova.
- Kor enkelt er det å finne fram på nettsidene?
- Kvar finn du kontaktinformasjon til dei ulike tenestene?
- Korleis får innbyggjarane til kommunen tilgang til tenestene dei treng?
- Lag ein oversiktleg presentasjon over tenestetilbodet for helse- og omsorgstenester i kommunen din. Ta med informasjonen som bør vere med for at brukarane lett kan finne fram til det dei treng.