Oppgave
Kva seier helsepersonellova?
Som autorisert helsepersonell skal du følge helsepersonellova. Lova skal bidra til sikkerheit og kvalitet i helse- og omsorgstenestene.
Som helsepersonell skal du gjere deg kjend med helsepersonellova. Du kan lese helsepersonellova på Lovdata.
- Forklar med eigne ord kva formålet med lova er.
- Gå saman i grupper og bli einige om ei god forklaring av formålet med lova.
Lag ein plakat som beskriv helsepersonellova.
Kva inneber det at du som helsepersonell skal utøve arbeidet ditt fagleg forsvarleg og gi omsorgsfull hjelp?
Kva siktar ein til med å skrive journal etter god yrkesskikk?
Beskriv opplæringsløpet ditt.
Les kapittel 9 i helsepersonellova, og finn ut om yrket du har valt, blir omfatta av autorisasjonsordninga.
Korleis og når kan du søke om autorisasjon i det yrket som du skal utdanne deg til?
Statens helsetilsyn kan kalle tilbake autorisasjon. Kva betyr det?