Helsefagarbeidar - Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Helsefagarbeidar

Helsefagarbeidaren samarbeider med andre yrkesgrupper om pleie, omsorg og miljøarbeid for brukarar av helse- og oppveksttenester. I denne filmen møter du ein helsefagarbeidar som fortel om utdanning, eigenskapar og vanlege arbeidsoppgåver.

Filmen under finst med språkstøtte i fleire versjonar:

Filmen Helsefagarbeider med språkstøtte på somali

Filmen Helsefagarbeider med språkstøtte på arabisk

Filmen Helsefagarbeider med språkstøtte på tigrinja

Lytt og les samandrag av filmen

Samandrag av filmen

Samandrag helsefagarbeidar

0:00
-0:00
Lyd: Marit Lunde, Anne Beate Eide, Vigdis Haugan / CC BY-SA 4.0

Forklaringar på omgrep frå filmen

Omgrep frå filmen med forklaringar

Omgrep

Tale

Forklaring

lærling

ein person som har opplæring i ei bedrift, og som lærer yrket ved å jobbe

bedrift

ein arbeidsplass

yrkesgruppe

menneske som har den same utdanninga

bebuar

ein person som treng hjelp og omsorg, og som bur på til dømes ein sjukeheim eller ein annan institusjon

brukar

ein person som bruker helse- og omsorgstenester, til dømes gjennom heimetenesta

pasient

ein person som er sjuk og får helsehjelp, til dømer i sjukehus eller hos fastlegen

medisin

legemiddel, til dømes tablettar

medisinrommet

eit rom for oppbevaring av legemiddel

dosere

å legge rett mengde medisin i eit beger eller ein dosett

dosett

ein liten boks som er delt inn i dagar og tider. Gjer det lettare å hugse når ein skal ta medisin.

multidose

små posar med medisin i ein rull, frå apoteket

puls

trykkstigninga/slaga du kjenner over arteriane (pulsårene) når hjartet pumpar blod ut i kroppen

blodtrykk

det trykket som blodstraumen gir på åreveggene i arteriane (pulsårene) når hjartet pumpar blodet ut i kroppen

pårørande

familie, slektningar eller verje

tilsette

dei som jobbar på ein arbeidsplass

desinfisere

bruke middel som drep mikroorganismar som kan føre til sjukdom, til dømes handsprit

smitte

når bakteriar, sopp eller virus blir overført frå ein person til ein annan person

ergonomi

læra om korleis vi kan tilpasse arbeidsoppgåver og arbeidsmiljøet slik at vi unngår skadar mens vi arbeider

tekniske hjelpemiddel

utstyr som hjelper den tilsette til utføre ulike oppgåver, til dømes ein takheis

sengeliggande

ein bebuar eller pasient som er for sjuk eller svak til å stå opp og derfor må ligge i senga

heimetenesta

den hjelpa eldre og sjuke får frå kommunen når dei bur heime

rusomsorg

hjelp til menneske som er avhengige av rusmiddel som alkohol og narkotika

vg3-påbygging

eit skuleår i vidaregåande skule som gir generell studiekompetanse for å studere på høgskular og universitet, etter vg1 og vg2 på yrkesfagleg studieretning

Varierte arbeidsoppgåver

Som helsefagarbeidar skal du yte profesjonell helsehjelp og vareta kvar enkelt brukarers behov for pleie og omsorg. Arbeidsoppgåvene er varierte og inneber kontakt med menneske i alle aldrar med ulik helse og funksjonsevne. Helsefagarbeidaren kan jobbe på mange ulike arbeidsstader innan kommunale helse-og oppveksttenester, sjukehus og private omsorgstenester.

Utfordringar til deg

Sjå filmen og bruk lenkene under til å svare på desse spørsmåla.

  1. Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli helsefagarbeidar?
  2. Kva eigenskapar er nødvendige i dette yrket?
  3. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein helsefagarbeidar?
  4. Kva moglege arbeidsstader kan du finne for ein helsefagarbeidar?
  5. Kvifor er det viktig å tenke på ergonomi i jobben som helsefagarbeidar?

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Haugan og Anne Beate Eide.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2020