Portør - Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Portør

Som portør vil du kome i kontakt med mange forskjellige menneske i ulike situasjonar. I denne filmen møter du to portørar som fortel om vanlege arbeidsoppgåver, utdanningsløpet og naudsynte eigenskapar i dette yrket.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Portøren jobbar med å transportere pasientar, medisinar og utstyr innan sjukehus og andre helseinstitusjonar. Gode kommunikasjonsevner er viktig fordi du kjem tett på pasientar og pårørande i sårbare situasjonar, og du skal også samarbeide tett med ulike grupper helsepersonell. Som portør må du vere i god fysisk form fordi arbeidet inneber mykje gåing.

Utdanningsløpet for å bli portør startar med vg1 helse- og oppvekstfag. På vg2 kan du velje mellom ambulansefag, helsearbeidarfag og helseservicefag. Deretter er du lærling i to år før du kan gå opp til fagprøva og få fagbrev som portør.

Utfordringar til deg

Sjå filmen og bruk lenkjene under til å svare på desse spørsmåla.

  1. Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli portør?
  2. Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
  3. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein portør?
  4. Kva for moglege arbeidsstader kan du finne for ein portør?
  5. Kvifor er det viktig å tenkje på ergonomi i jobben som portør?

Relatert innhald

Ekstern
Portør

Nettside hos vilbli.no

Ekstern
Portør

Nettside hos utdanning.no

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2021