Tannhelsesekretær - Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Tannhelsesekretær

I denne filmen fortel ein autorisert tannhelsesekretær om utdanningsløpet og om eigenskapar som blir kravde i yrket. Du får også sjå og høyre om ulike arbeidsoppgåver og moglege arbeidsstader for ein tannhelsesekretær.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Tannhelsesekretæren kan arbeide både i offentlege og private klinikkar. Arbeidsoppgåvene varierer frå å assistere tannlegen i pasientbehandling til ansvar for hygiene, røntgen og administrative gjeremål.

Utfordringar til deg

Sjå filmen og bruk lenkjene under til å svare på desse spørsmåla:

  1. Korleis er utdanningsløpet for å bli tannhelsesekretær?
  2. Kva eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
  3. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein tannhelsesekretær, og kva for oppgåver er det i samband med ein operasjon?
  4. Kva moglege arbeidsstader finst for ein tannhelsesekretær?
  5. Kvifor er det viktig med HMS-arbeid på tannklinikken?

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2019