For elevar som skal delta
Her har vi samla informasjon som vil vere nyttig for dykk som skal delta i
forskingskonkurransen Holbergprisen i skolen. Saman med elevar frå 20 skular frå heile landet har de blitt valde ut til å gjennomføre eit sjølvvagt forskingsprosjekt med hjelp frå etablerte forskarar.
Artikkelen er skriven av Holbergprisen i skolen. På nettsidene deira finn du òg artikkelen: "For elevar".

Kva går deltakinga ut på?
Kort fortalt betyr deltaking i Holbergprisen i skolen å gjennomføre eit forskingsarbeid innan dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga. I vidaregåande skule vil det gjelde fag som til dømes sosiologi og sosialantropologi, sosialkunnskap, religion og etikk, framandspråk, norsk eller historie.
De kan jobbe åleine eller i grupper, eller heile klassen saman. Det er dykk sjølve som i stor grad vel kva de vil forske på, men det kan hende læraren vil gjere nokre avgrensingar innan faget de deltek i. De står fritt til å velje kva slags vitskapleg metode de vil bruke, så lenge de følger akademisk tradisjon.
Forskinga skal formidlast i ein rapport på maks 15 sider. Dei tre beste rapportane frå kvar skule blir sende inn til ein jury som skal avgjere kven som skal få første-, andre- og tredjepremie i konkurransen.
Undervegs i arbeidet vil de få besøk av Holbergprisen i skolen sitt sekretariat og bli tildelt ein forskarkontakt som rettleier dykk. Det vil bli hjelp med alle fasar av forskingsprosessen. I tillegg finn de òg mange ressursar på nettstaden Holbergprisen.
Korleis skal rapporten sjå ut?
Rapporten skal vere ein tekst på maks 15 sider (4500–5000 ord). Framside, litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg. Det vanlege formatet er 1,5 i linjeavstand og skriftstorleik 12 punkt. Dersom de bruker figurar, modellar eller diagram, skal desse ligge inne i teksten viss dei blir kommenterte i teksten. Figurar og liknande som ikkje blir kommenterte direkte, bør ligge som vedlegg. Dette gjeld òg andre dokument, som intervjuguide, historiske dokument, spørjeskjema eller transkriberingar.
I teksten bør de få med kva de har gjort, og korleis gjennomføringa har gått, i tillegg til at de må grunngi vala som er tekne undervegs. De må vise at vitskapeleg metode er brukt, og at de har teke forskingsetiske omsyn. Vidare må framstillinga av både metode og resultat vere påliteleg og vise både reliabilitet og validitet.
Rapporten bør greie ut om dei viktigaste funna og drøfte desse opp mot problemstillinga. Kjeldebruken må vere påliteleg. Innhaldet må formidlast klart og presist, og de må halde dykk til akademisk tradisjon med tanke på språk og fagomgrep. Teksten skal vere ryddig og godt strukturert, men det er òg ønskeleg at de prøver å halde lesaren engasjert gjennom ein levande og kreativ bruk av språket.