For læraren
Artikkelen er skriven av Holbergprisen i skolen. På nettsidene deira finn du òg artikkelen "Å delta i Holbergprisen i skolen" og andre ressursar for lærarar.
Kvifor er Holbergprisen i skolen viktig?
I filmen under (lengde 7:39) fortel elevar og lærarar om erfaringane sine med å delta i Holbergprisen i skolen.
Rammer for deltaking
Holbergprisen i skolen inviterer vidaregåande skular til å søke om å delta i ein nasjonal forskingskonkurranse. Dei søker om deltaking via nettsidene til Holbergprisen, og søknadsfristen er 1.oktober.
20 skular blir trekte ut til å vere med kvart år. Kvar skule kan delta med tre klassar. Holbergprisen i skulen er finansiert av Kunnskapsdepartementet, og derfor er det gratis for skulane å vere med. Elevane forskar på eit sjølvvalt emne og skriv ein rapport. Skulane vel ut tre elevprodukt dei vil levere inn som bidraget til skulen i konkurransen. Fristen for innlevering er i starten av april kvart år.
Vinnarane blir kunngjorde i starten av mai, og elevar og lærarar blir inviterte til Holberguken i juni. Der blir dei heidra saman med mottakarane av Holbergprisen og Nils Klim-prisen.
Tema
Vi legg i utgangspunktet ingen føringar for val av tema, ut over at det må kunne forskast på innanfor fagområda humaniora og samfunnsvitskap. Du som faglærar kan gjere avgrensingar og velje ein overordna tematikk som elevane skal fordjupe seg i. Elevane kan jobbe individuelt eller i grupper, tverrfagleg eller knytt til eit enkelt fagfelt.
Prosjektarbeidet blir gjennomført i tråd med eksisterande læreplanar. Det er eit godt utgangspunkt for å dekke dei tverrfaglege temaa og skape rom for djupnelæring og elevmedverknad. Elevane utviklar evna til å lese og skrive akademiske tekstar, utøve kjeldekritikk, og dei blir godt førebudde på vidare studiar.
Ekstra ressursar som Holbergprisen i skolen kan tilby
Lærarseminar
I november blir lærarane som deltek, inviterte til eit to dagars seminar i Bergen. Holbergprisen i skolen betaler for reise og overnatting. Her får dei fagleg påfyll frå forelesarar frå norske universitet og høgskular, og frå lærarar og elevar som har delteke tidlegare. Ikkje minst får dei treffe og knyte band til lærarkollegaer frå heile landet, som både er heilt nye og har erfaring med Holbergprisen i skolen frå tidlegare år.
Gjennom vinteren blir det arrangert to til tre digitale fagseminar. Her blir det teke opp tema som er relevante for den fasen av arbeidet klassane er inne i på det aktuelle tidspunktet. Foredragshaldarane er alle etablerte forskarar.

Forskarkontakt
Alle skulane som deltek, får tildelt ein forskarkontakt frå eit universitet eller ein annan forskingsinstitusjon i nærleiken. Holbergprisen i skolen jobbar for å finne ein fagperson som passar til dei faga og temaa som skulen vel å forske på. Forskarkontakten kjem på besøk til skulen tre gonger gjennom prosjektperioden for å rettleie elevane i arbeidet deira. Her får de hjelp med både metodeval, kjelder og skriving.
Sekretariatet
Skulane får besøk av ein person frå sekretariatet til Holbergprisen i skolen rundt oppstarten av prosjektarbeidet, som regel ein gong i desember eller januar.
Du finn fagstoff, undervisningsopplegg, rapportane til tidlegare vinnarar og dessutan tips og råd for heile forskingsprosessen på nettstaden Holbergprisen.
Sekretariatet er tilgjengeleg gjennom heile skuleåret dersom du har spørsmål eller treng annan assistanse.