Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Holbergprisen i skolen

Holbergprisen i skolen er ein nasjonal forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen. Målet med konkurransen er å vekke elevane si interesse for Holbergprisens fagområde: dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga.

Artikkelen er skriven av Holbergprisen i skolen. På nettsidene deira finn du òg artikkelen: "Om Holbergprisen i skolen".

Kva er Holbergprisen i skolen?

Holbergprisen i skolen inviterer kvart år dei vidaregåande skulane i landet til å gjennomføre eit forskingsarbeid med hjelp frå etablerte forskarar. Gjennom dette arbeidet blir elevane kjende med vitskaplege teoriar og metodar innanfor humaniora og samfunnsvitskap. Dei får kjennskap til bruk av kjelder og fagomgrep, lærer å skrive akademiske tekstar og blir godt førebudde på overgangen til høgare studiar. Deltaking i Holbergprisen i skolen blir knytt opp mot læreplanane i skulefaga. Alle klassar/ klassetrinn på vidaregåande skule som er relatert til fagområda våre, kan søke om deltaking.

Holbergprisen i skolen har unik kompetanse på elevstyrt forsking i skulen, og arbeider i tråd med prinsippa i fagfornyinga om djupnelæring, utforskande metodar og demokratisk elevmedverknad.

Alle innsende bidrag blir vurderte av ein fagjury. Finalistane og vinnaren av lærarprisen blir feira under Holberguken i Bergen i juni med ein prisutdelingsseremoni. Dei blir òg inviterte som æresgjester til alle dei andre arrangementa under Holberguken, saman med vinnarane av Holbergprisen og Nils Klim-prisen. Dei tre beste elevprosjekta blir premierte med høvesvis 30 000 kroner, 20 000 kroner og 10 000 kroner. Vinnaren av lærarprisen får ei pengegåve på 20 000 kroner.

Organisasjonen

Holbergprisen i skolen er ein del av Holbergprisen. Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris som blir gitt til forskarar som har utmerkt seg innanfor humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Holbergprisen administrerer òg Nils Klim-prisen, som blir delt ut til yngre forskarar med nordisk tilknyting.

Holbergprisen er finansiert av Kunnskapsdepartementet og blir administrert av Universitetet i Bergen. Holbergprisen har eit sekretariat og ein fagleg leiar som tek seg av den daglege drifta, og to av stillingane i sekretariatet er knytte til Holbergprisen i skolen.

I tillegg har Holbergprisen i skolen ein fagjury som er sett saman av etablerte forskarar frå universitet og høgskular i Noreg, i tillegg til ein representant frå lærarstanden.

Historikk

Holbergprisen blei oppretta av Stortinget i 2003. Holbergprisen i skolen starta som eit prøveprosjekt ved katedralskulane i landet. Med åra utvikla det seg til ein landsdekkande forskingskonkurranse for alle vidaregåande-elevar. Kvart år søker skular frå heile landet om å delta. Ein fordelingsnøkkel sikrar at tilbodet er like tilgjengeleg alle stader, og sidan oppstarten har stadig fleire elevar fått anledning til å delta. I 2018 blei talet på deltakarskular auka frå 12 til 20, samtidig som fleire klassar og elevar fekk delta frå kvar skule. Det gav rekordmange elevar i 2022, heile 1053 elevar, eit tal som har blitt følgt opp i 2023.

Holbergprisen i skulen har ambisjonar om å vere Noregs viktigaste studieførebuande forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen, og skal i tillegg løfte fram den avgjerande rolla til læraren som ein fagleg ressurs og ei inspirasjonskjelde:

Statutter for Holbergprisen.

Rettshavar: Holbergprisen i skolen.
Sist oppdatert 16.06.2025