Erfaringsdeling frå lærar

Bruk av KI-verktøy i klasserommet
Korleis kan KI brukast på ein formålstenleg måte i klasserommet? NDLA har utfordra Jan-Eirik "JP" Paulsen frå Glemmen vgs. til å dele nokre av erfaringane han har gjort seg med bruk av KI-verktøy i klasserommet. Han har testa ut ei rekke undervisningsopplegg og samla didaktiske erfaringar frå tre ulike måtar å bruke KI på:
KI som elevstøtte
KI som kreativitets- og motivasjonsfremjande ressurs
KI brukt i vurderingsarbeid
1. KI som elevstøtte
Paulsen og elevane hans har mellom anna prøvd ut bruk av praterobot til
sparring
idémyldring
fagsamtale
språkinnlæring
generering av dømetekst
generering av disposisjon med stikkord
innhenting av informasjon
oppsummering av ein lengre tekst
forenkling av ein krevjande tekst
omsetjing av tekst
"djup samtale" ("podkast") om tekst eller tema
forbetring av tekst
I det nedlastbare dokumentet under er framgangsmåten for dei ulike aktivitetane beskriven. Det er òg teke med ei øving per aktivitet, ofte med ein foreslått instruks (prompt). Øvingane kan gjennomførast etter kvarandre som eit kurs i formålstenleg bruk av kunstig intelligens.
2. KI som kreativitets- og motivasjonsfremjande ressurs
Aktuelle aktivitetar av denne typen er til dømes
intervju med KI-generert fagekspert, historisk person e.l.
debatt med KI-generert fagekspert, politikar e.l.
generering av illustrasjonar til tekst
generering av illustrasjonar til fagsamtale (tre variasjonar)
generering av "djup samtale" ("podkast")
generering av video
generering av spørsmål til quiz
generering av adjektivforteljing
generering av undervisningsopplegg
I det nedlastbare dokumentet under er aktivitetane nærare beskrivne.
3. KI i vurderingsarbeidet
Forslag til korleis vi no kan vurdere elevane, til dømes ved
kreative oppgåver som elevane delvis skal løyse ved å bruke KI
prosessorienterte skriftlege arbeid, som
innleveringar etterfølgde av fagsamtale
innleveringar med tema knytt til praksisen og erfaringane til elevane
innleveringar der elevane skal grunngi val av kjelder
innleveringar der elevane skal drøfte svar gitt i intervju
kontrollerte skriveøkter med avgrensa nett-tilgang eller synlege skjermar
munnlege framlegg eller fagsamtalar utan manus