Berre lov til å bruke KI
Snudd på hovudet
Beskjeden "Det berre er lov å bruke KI" i eit skuleprosjekt går litt mot straumen. Det er vanlegare å åtvare elevar mot å bruke KI. På Tangen videregående skole vel dei å snu det heile opp ned.
KI-prosjektet ved Tangen vgs.
KI-prosjektet ved Tangen videregående skole er eit samarbeidsprosjekt med næringslivet. Alle elevane og nokre lærarar frå IM-linja skal lage musikkvideo, kortfilm eller reklamefilm. Elevar og lærarar konkurrerer mot kvarandre om å finne gode teknologiske løysingar på ei problemstilling. Det er mykje motivasjon og mykje frustrasjon når det berre er éin måte å jukse på: å skrive sjølv.
"Dette prosjektet minner oss på kor bra mennesket eigentleg er", seier Victor S. Husefest, elev ved Tangen videregående skole.
Sjå filmen om KI-prosjektet
I filmen under (lengde 3:40) møte vi elevar frå Tangen videregående skole og lokale næringslivsaktørar.
Inspirert? Prøv sjølv!
Snu di eiga undervisning på hovudet og få elevar til utforske KI med regelen "Ikkje lov til å lage noko sjølv, alt skal gjerast av KI". Kor langt klarer dei å komme i arbeidet med ei oppgåve, ei problemstilling eller eit kompetansemål i faga dine gjennom å følge regelen?
Kva tema kan vere eigna i faga dine?
Kva kompetansemål i faget får du lyst til å prøve deg på med ei slik tilnærming?
Kva moglegheiter har du i nærmiljøet? Finst det bedrifter som ønsker å teste KI til å løyse spesifikke oppgåver?
Kva fordelar og ulemper kan KI ha med tanke på tidsbruk?
Relatert innhald
Hvordan planlegge vurdering nå som KI har inntatt klasserommet? Bruk VuKI-modellen i kombinasjon med prinsippet om baklengs planlegging.