Søk etter kjelder - Progresjon i kjeldesøk - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Søk etter kjelder

Progresjon i kjeldesøk

CC BY-SA 4.0

Gå gjennom sjekkpunkta i "Progresjon kjeldesøk" på nytt:

  • Kva progresjon har du hatt etter arbeidet med læringsstien?
  • Kva treng du å jobbe vidare med neste gong du skal jobbe grundig med nettsøk?
Eigenvurdering

Progresjon kjeldesøk

Bruk punkta og sjekk kor mykje du har fått med deg om kjeldesøk.

Søk og navigasjon

Bruk punkta nedanfor til å vurdere ferdigheitene dine innan områda "Kjeldesøk og navigasjon".

Strålande

  • Du bruker presise fagomgrep, også på engelsk når det er nødvendig, og varierer søkjeord.
  • Du bruker systematisk "avansert søk" i fleire søkjemotorar og databasar.
  • Du planlegg kjeldesøket og dokumenterer søket ditt undervegs.
  • Du går deg ikkje bort i søket. Du tar deg heller pausar.

Kompetent

  • Du har oversikt over, og bruker, fagomgrep som søkjeord.
  • Du finn nye søkjeord og prøver også med engelske omgrep.
  • Du held fram søket og undersøkjer fleire kjelder for kvart søk.
  • Du kjenner til og bruker nokre søkjemotorar og databasar.
  • Du prøver å følgje planen for kjeldesøket og går tilbake til han viss du ramlar ut.

På veg

  • Du bruker nokre fagomgrep som søkjeord.
  • Du varierer bruk av søkjeord.
  • Du bruker nokre kjelder til å skaffe deg oversikt og nokre for å gå djupare inn i tema.
  • Du planlegg søket, men synest det er vanskeleg å følgje planen.
  • Du følgjer med på når du går deg bort og veit kva du skal gjere for å komme på sporet igjen.

Nybegynnar

  • Du gjer enkle søk på Google.
  • Du går deg ofte vill og avsluttar søket med uforetta sak.
Skrive av Albertine Aaberge, Else Ness og Linda Røysi.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2021

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Søk etter kjelder