Søk etter kjelder - Når stoppar du kjeldesøket? - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Søk etter kjelder

Rettleiing

Når stoppar du kjeldesøket?

Ved kjeldesøk kan tida gå fort, og du kan rote deg ut i sideliggjande tema og informasjon du eigentlig ikkje treng. Innimellom er det smart å stoppe opp og stille seg nokon spørsmål for å sjekke om du framleis er på rett veg, og om målet er nådd.

Avslutt søket

Kan du svare ja på alle desse spørsmåla, kan du avslutte søket ditt:


  • Har du ei oversikt over kva slags informasjon du skal bruke frå kjeldene dine og kontroll på sjølve kjelda?
  • Har kjeldene du bruker ulike vinklingar?
  • Har du identifisert sentrale fagomgrep og sjekka i ulike kjelder at du forstår dei på rett måte?
  • Har du sjekka ulike stader på nettet? Video, bilete, databasar, avansert søk på Google, bibliotekdatabase, delingstenester og så vidare.
  • Har du undersøkt kven forfattaren og/eller publisisten er?
  • Har du stilt spørsmål ved om den enkelte kjelda eigentleg er relevant for problemet du jobbar med?
  • Har du undersøkt at informasjonen du har valt å bruke frå kjeldene dine er relevante for problemet?
  • Har du spurt læraren din om kjeldene dine ser ok ut?
Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2018