Slaktar - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Slaktar

Slaktaryrket er eit av dei eldste yrka i verda, og slaktaren sitt arbeid dannar grunnlaget for all vidare kjøtproduksjon. Slaktaren jobbar i moderne, industrielle slakteri som er underlagde strenge etiske og hygieniske krav.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Fakta

  • yrkesnemning: slaktar med sveinebrev

  • utdanning: restaurant- og matfag vg1, matproduksjon vg2, slaktarfag vg3 (opplæring i bedrift i to år)

  • eventuell vidareutdanning: meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet

Kva gjer ein slaktar?

Som slaktar tek du imot dyret på slakteriet og er med på heile avlivingsprosessen. Avlivinga endar med at den ferdige skrotten blir send vidare i produksjonskjeda.

Slaktaren legg grunnlaget for kvaliteten i alle vidare ledd av kjøtproduksjonen frå bås til bord.

Ein slaktar må ha gode kunnskapar om kjøt som råvare og om kva forhold i slakteprosessen som påverkar kvaliteten. Yrket inneber ein del tunge løft, så du bør vere i god fysisk form.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • mottak, driving, oppstalling og avliving av dyr
  • gjennomføring av slakteprosessen på ein fagleg korrekt måte
  • klargjering av skrottane for vidare tilarbeiding
  • uttak og behandling av biprodukt
  • bruk og vedlikehald av handverktøy, maskiner og utstyr
  • etterleving av strenge etiske og hygieniske krav

Ein dyktig slaktar

  • har god kunnskap om oppbygginga til dyra og veit kva som er god kjøtkvalitet

  • arbeider på ein effektiv og nøyaktig måte

  • har ei bevisst etisk grunnhaldning

  • har godt handlag

Kvar kan eg jobbe?

Som slaktar kan du jobbe i moderne industrielle slakteri, men også i mobile slakteri eller gardsslakteri knytte til oppdrett og produksjon av til dømes kjøtfe, rein og hjortedyr. Den kjøtfaglege kompetansen din kan òg nyttast i andre delar av kjøt- og matbransjen.

Relatert innhald

Ekstern
Slaktar

Nettside hos utdanning.no

Skrive av FMO og FOHR.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020