Pølsemakar
yrkesnemning: pølsemakar med sveinebrev
utdanning: restaurant- og matfag vg1, matproduksjon vg2,
pølsemakarfaget vg3 (opplæring i bedrift i to år)eventuell vidareutdanning: meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet
Ein pølsemakar jobbar med produksjon av pølser og andre kjøttvarer og må kunne mykje om råvarene og dei ulike tilarbeidingsprosessane.
For å kunne utøve faget må du ha kunnskap om både handverksmessige tradisjonar og bruk av ny teknologi. I moderne industribedrifter jobbar ein både med produktutvikling og innovasjon og med å vareta tradisjonelle norske kjøttprodukt.
Til dagleg jobbar pølsemakaren med både handverktøy og meir avanserte maskiner. Du må derfor vere bevisst på HMS.
Sentrale arbeidsoppgåver
- produksjon av alle typar pølser, kjøttpålegg, posteiar, spekemat og andre produkt med kjøtt som råstoff
- tilskjering og finstykking av kjøttråvarer
- bruk og vedlikehald av handverktøy, maskiner og utstyr
- i ferskvareavdeling: sal av kjøttvarer og informasjon til kundar
Ein dyktig pølsemakar
har god kunnskap om eigenskapane til råvarene
har god kunnskap om dei ulike tilarbeidingsprosessane
jobbar effektivt og hygienisk
har eit bevisst forhold til produktivitet og lønsemd
har godt handlag
Dei fleste pølsemakarar arbeider i industrien, men du kan òg jobbe i meir handverksprega bedrifter som produserer kjøttvarer for sal. Ei anna moglegheit er å jobbe i spesialbutikkar eller ferskvareavdelingar i butikk. Som pølsemakar kan du dessutan starte eigen produksjon av spesielle kjøttprodukt.
