Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Kokk

Som kokk må du vere glad i å lage mat og dessutan vere kreativ, allsidig og nøyaktig. Du må kunne lage varm og kald mat for alle typar menneske og høve.
Orsak, ein feil oppstod ved lasting av video. Prøv å laste inn sida på nytt.

Fakta

  • yrkesnemning: kokk med fagbrev

  • utdanning: restaurant- og matfag vg1, kokk- og servitørfag vg2,
    kokkfag vg3 (opplæring i bedrift i to år)

  • eventuell vidareutdanning: meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet

Kva gjer ein kokk?

I tillegg til å lage nydeleg mat må du kunne mykje om planlegging, innkjøp, lagring, berekraftig produksjon, kvalitetssikring, presentasjon og økonomi.

Du må òg kunne kommunisere med kollegaer og gjestar for å sikre at maten du lagar, fører til at gjestane trivst og ønsker å oppleve kokekunstane dine igjen.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • planlegge rettar og menyar med utgangspunkt i ønska og behova til gjestane
  • lage mat til ulike høve
  • nytte ulike typar råvarer og tillagingsmetodar
  • planlegge innkjøp og berekne prisar
  • legge opp og presentere mat
  • reinhald og produksjonshygiene

Ein dyktig kokk

  • er glad i å lage mat

  • er kreativ og har estetisk sans

  • jobbar godt under press

  • har gode kommunikasjonsevner og jobbar godt i team

  • har god personleg hygiene

  • er serviceorientert

  • følger med på trendar og utvikling i faget

Kvar kan eg jobbe?

Som ferdigutdanna kokk vil du kunne jobbe med mat på ei rekke ulike stader. Du kan til dømes jobbe på restaurantar, kaféar og hotell, i kantiner og dessutan innan skipsfart og offshore.

Relatert innhald


Rettshavar: Foreningen for matfagenes opplæringskontor og Foreningen for opplæringskontoret for hotell, restaurant og reiseliv.
Sist oppdatert 25.02.2026