Livsløpsvurdering (LCA) og klimabelastning (GWP)

Berekning av LCA og GWP
Desse oppgåvene gir deg praktiske døme frå industrien og viser korleis ulike val påverkar miljøet. Bruk opplysningane frå fagteksten og eventuelt eigne søk etter GWP-verdiar.
Oppgåve 1. Aluminium frå ulike energikjelder
Eit firma produserer 1 tonn aluminium.
I Noreg blir det brukt vasskraft: GWP er cirka 4 kg CO2e/kg.
I Kina blir det brukt kolkraft: GWP er cirka 12 kg CO2e/kg.
Spørsmål
Kor mykje CO2 blir spart ved å produsere i Noreg? Det kan du finne ut ved å rekne ut forskjellen mellom dei to produksjonane.
Oppgåve 2. Transport av råstoff
Ei stålplate på 1 tonn skal transporterast 5 000 km med skip og 500 km med lastebil.
Utslepp av CO2 er som følger:
skip: 0,015 kg CO2e/tonn/km
lastebil: 0,12 kg CO2e/tonn/km
Spørsmål
Berekn GWP frå transport.
Kva kan ein gjere for å redusere transportutslepp?
Oppgåve 3. Materialsvinn ved laserskjering
Ein fabrikk omarbeider 1 000 kg stål, men 25 % går tapt som svinn.
GWP for stål: 2 kg CO2e/kg
Spørsmål
Kor mykje CO2-utslepp svarer det bortkasta materialet til?
Kva tiltak kan redusere svinnet?
Oppgåve 4. Resirkulert vs. primær aluminium
Eit produkt kan bli laga av primæraluminium (8 kg CO2e/kg) eller resirkulert aluminium (0,8 kg CO2e/kg).
Produktet veg 5 kg.
Spørsmål
Samanlikn GWP for begge løysingane. Kor mykje CO2 blir spart ved å bruke resirkulert materiale?
Oppgåve 5. Bruksfase for motor
Ein motor bruker 0,5 kWh per time og går 2 000 timar i året i 10 år.
Straum har GWP 0,4 kg CO2e/kWh.
Spørsmål
Berekn CO2-utslepp frå bruksfasen.
Korleis påverkar energieffektivitet GWP?