Hjelp til å svare på del 1
Tips og råd for alle oppgåvene
I del 1 er det viktig å bruke gode lesestrategiar og å aktivisere forkunnskapar slik at du lettare kan forstå teksten. Nedanfor får du hjelp til å løyse kvar av dei fire eksempeloppgåvene i oppgåvesettet vårt.
Les instruksjonen godt: Kva nøyaktig skal du gjere?
Sjå på eventuelle bilete og titlar for å få eit inntrykk av teksten. Kva trur du teksten handlar om?
Skumles teksten for å få oversikt over hovudinnhaldet. Sjå etter ord og uttrykk du kjenner igjen frå andre språk, og fokuser på det du forstår.
Tenk over: Kva er temaet i teksten? Har du jobba med dette temaet før? Korleis?
Les teksten grundig. Prøv å gjette deg til kva ukjende ord betyr, ut frå konteksten dei står i. Fokuser på nøkkelord eller nøkkelsetningar.
Spør deg sjølv: Har eg tilstrekkeleg informasjon til å løyse oppgåva? Viss ikkje, kva må eg gjere for å komme vidare? Kva ord må eg søke opp i ordboka?
Ta ein siste sjekk før du sender inn svaret: Er det noko som ikkje gir god meining?
Oppgåve 1: Kople saman tekst
I denne typen oppgåve skal du kople saman setningar, korte tekstar eller tekst og bilete. I øvinga nedanfor skal du kople saman overskrift og avsnitt. Her er det viktig å finne ut kva avsnitta handlar om, og å legge merke til detaljar.
Basketball-Boom in Deutschland
Kva tittel passar til kva avsnitt?
Jugendliche mögen Basketball
Von Fußball zu Basketball?
Ein bisschen Geschichte
Frauen im Basketball
WM-Sieg als Trendsetter
WM-finale in Jugoslawien
Hjelp til å svare på oppgåve 1
Sjå godt på teksten. Kva er temaet i kvart av dei fire avsnitta?
Sjå på dei seks overskriftene. Kva betyr dei på norsk? Sjå etter nøkkelord og prøv å bestemme kva avsnitt overskriftene høyrer saman med.
Vi startar med overskrift A. Jugendliche er fleirtal her og betyr ungdommar. Både avsnitt to og avsnitt tre handlar om barn og unge. La oss derfor sjå etter andre nøkkelord før vi bestemmer oss.
Orda Weltmeisterschaft og Trend i avsnitt to finst òg i overskrift E: WM-Sieg als Trendsetter. Då er det svært sannsynleg at desse høyrer saman. Passar tittelen til avsnittet samla sett, tenker du?
Overskrift B handlar om fotball og basketball, noko det står om i både avsnitt tre og fire. Sidan vi allereie har valt ein tittel for avsnitt tre, ser vi nøye på avsnitt fire for å få stadfesta om B er rett tittel her.
Kva for ei av overskriftene som står igjen, passar til det første avsnittet? Vi finn ikkje substantiva Geschichte (C) eller Frauen (D) i teksten, men vi finn Jugoslawien (F). Handlar avsnittet hovudsakleg om ein VM-finale i Jugoslavia? Det er fleire land som blir nemnde, og det står fleire årstal her. Kva overskrift vel du? Kvifor?
Oppgåve 2: Vurder påstandar
I denne typen oppgåve skal du lese ein tekst og vurdere om påstandane er sanne, usanne eller om dei ikkje er nemnde i teksten. Teksten er på tysk, mens påstandane er skrivne på norsk.
Utdrag frå teksten "Die erste Bundeskanzlerin Deutschlands"

Angela Merkel war die erste weibliche Bundeskanzlerin Deutschlands. Sie war von 2005 bis 2021 im Amt. In diesen Jahren hat sie Deutschland und Europa durch mehrere internationale Krisen geführt.
Vurder påstandane
Hjelp til å løyse oppgåve 2
Les først påstandane i den interaktive oppgåva. Då veit du kva du skal sjå etter i teksten.
Sjå etter nøkkelord i påstandane og prøv å finne informasjon om dei i teksten. Det hjelper deg å vurdere påstandane. Aktuelle nøkkelord her er for eksempel vaks opp, Aust-Tyskland, den første forbundskanslaren, krisar og gjekk av.
Du finn die erste Bundeskanzlerin, men ikkje noko om Aust-Tyskland eller DDR her.
Du finn ordet Krisen og årstala 2005 og 2021, men er påstanden om kva som skjedde i desse åra, rett? For å avgjere dette må du forstå kva von – bis og Amt betyr.
Slå alltid opp ord du treng for å vurdere påstandane du er usikker på. Sjå nøye på omsettingane du får opp, og sjekk at du vel rett ordklasse og rett betydning av ordet.
Av og til inneheld teksten personnamn, stadnamn, faste uttrykk eller ordtak som kan vere vanskelege å forstå, og som ikkje lar seg omsette ordrett. Viss du klarer å oppdage dei, unngår du å kaste bort tid på å prøve å finne ut kva dei betyr.
Oppgåve 3: Vel rett ord
I denne oppgåvetypen får du vanlegvis ein samanhengande tekst der ord som er tekne ut, skal plasserast på rett stad. Som regel blir nokre ord til overs. Her er det viktig å fokusere på både ordforråd og grammatikk for å finne ut kvar orda skal plasserast.
Ein Interview mit Austauschschülerin Emilie
Emilie kommt aus Oslo. Sie ist ein Jahr lang in Berlin zur Schule gegangen. Welche Unterschiede zwischen Deutschland und Norwegen hat sie entdeckt?
Ord som skal settast inn (eitt av orda blir til overs)
bestellen, essen, viel, vielen, Eis, Bio-Essen, immer, Auswahl, frühstückt
Essen und Trinken

Man trinkt ___ Bier in Deutschland! Und wenn man ins Kino geht, isst man ___ und süßes Popcorn. Am Wochenende ___ man oft im Café. Da kann man Frühstück-Menüs mit viel leckerem Essen und mit Fruchtsaft und Kaffee ___. Die Deutschen lieben auch ___! Deutsche Bioläden haben oft eine enorme ___, und man findet sie überall. In ___ Läden kann man übrigens nicht mit ausländischen Bankkarten zahlen. Und in Cafés zahlt man fast ___ bar.
Hjelp til å løyse oppgåve 3
Skumles teksten for å få oversikt over innhaldet. Då blir det lettare å plassere orda etterpå. Gå så gjennom orda og sjå om du klarer å plassere dei.
I nokre tilfelle kan fleire enn eitt ord passe inn, som for eksempel her: Die Deutschen lieben auch ___! For å forstå om det er is eller økologisk mat tyskarane elskar, må du sjå på konteksten og lese det som står før og/eller etter. Kva tenker du passar best inn her?
I tredje setning manglar ordet på plass to (am Wochenende står på plass éin). Kva slags ord står vanlegvis på plass to i heilsetningar? Rett, det er det bøygde verbet. Dette blir kalla V2-regelen, og han gjeld i både i tysk og norsk. Blant orda du kan velje imellom, er det to verb. Subjektet i setninga er man. Kva verbending er då den rette, -en eller -t?
Søk opp ord du ikkje forstår, i ordboka. Er ordet eit substantiv, eit verb eller kanskje eit adjektiv? Å vite ordklassen hjelper deg å sjå kvar i ei setning ordet kan passe inn.
Sjekk òg om ordet har fleire betydningar. Ta for eksempel essen, som betyr "å ete". Når ordet blir skrive med stor forbokstav (Essen), er det eit substantiv, nemleg "mat".
Pass på ord som er nokså like og lett kan forvekslast.
Kjenner du forskjellen på verba ist og isst?
Og kva med viel og viele? Viel betyr "mykje" og kan ikkje bøyast: Er hat viel Geld. Viele betyr "mange" og kan bøyast, som her: vielen.
Når du har plassert alle orda, les du gjennom teksten og sjekkar at han gir god meining.
Oppgåve 4: Vel rett ord frå liste
Denne oppgåvetypen er nokså lik den førre. Også her skal du plassere ord på rett stad i ein tekst, men no skal du velje ord frå ei liste med alternativ. I eksempeloppgåva vår får du tre alternativ til utval. Berre eitt alternativ er rett. Her er det viktig å fokusere på både ordforråd og grammatikk for å forstå kva ord som passar inn tematisk og/eller grammatisk.
Hilfe, ich muss mein Examen auf Deutsch schreiben!
Das Examen im (Fach, Schule, Land) Deutsch ist eigentlich gar nicht so schwierig. Du (müssen, musst, müsst) dich nur gut vorbereiten. Es ist wichtig, dass du das (Wörterbuch, Computer, Sprache) benutzen kannst.
Es ist auch wichtig, dass du den Unterschied (auf, über, zwischen) Wortklassen kennst. Zum Beispiel ist es ein Unterschied, ob du "fliegen" (oder, und, aber) "Fliegen" schreibst.
Ich will nach Wien fliegen. Hier ist "fliegen" ein Verb.
(Im, Am, Auf) Sommer sind viele Fliegen in unserem Wohnzimmer. Das sind dann die kleinen lästigen Insekten, also "die Fliege" im Plural.
(Als, Wann, Wenn) du mit diesen Aufgaben bei NDLA übst, bist du gut vorbereitet. Wir wünschen viel (Glück, Hilfe, Stress) beim Examen!
Hjelp til å løyse oppgåve 4
Begynn på same måten som i oppgåve 3: Skumles teksten for å få oversikt.
Gå gjennom kvar liste med alternativ og finn ut: Er oppgåva å velje rett ord (for å teste ordforråd og kunnskap om ordklassar)? Eller er oppgåva å velje rett bøyingsform av eit ord (for å teste grammatikk)?
Bruk hjelpemidla godt, og sjekk det du er usikker på.
Skal du velje rett verbform, bør du sjekke korleis verbet blir bøygd (i person og tid).
Skal du velje riktig bestemd eller ubestemd artikkel, kan du bruke ordbok for å finne kjønnet på substantivet som følger etter artikkelen.
Sjå på den første setninga. Det er berre eitt alternativ som gir meining her. Kva for eit? (Faget tysk, landet tysk eller skulen tysk?)
Sjå på den andre setninga. Kva grammatikkferdigheit blir du testa i her? Kva alternativ er rett? Forklar kvifor.
I den tredje setninga skal du velje rett substantiv: Computer, Sprache, Wörterbuch. Alle passar tematisk, så då må vi sjå på grammatikken: Den bestemde artikkelen her er das. Bruk ordboka for å finne ut kva for eit av substantiva som er inkjekjønnsord.
I den nest siste setninga skal du velje mellom då og når.
Wann betyr "når" og innleier ei spørjesetning. (Wann kommst du?)
Wenn innleier ei leddsetning og betyr "når" om framtid (Wenn ich 18 werde, ...), eller "viss/dersom" (Wenn du hart arbeitest, ...).
Det er lett å henge seg opp i enkeltorda i lista, men hugs at orda står i ein kontekst. Les gjennom den ferdige teksten og sjekk at han gir god meining, før du sender inn svaret.