Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Del 2: Skriving

I del 2 av eksamen skal du vise at du kan skrive og gjere deg forstått på tysk. Du skal svare på alle skriveoppgåvene, og du skal vise at du kan formidle informasjon, kommunisere på tysk og skrive samanhengande tekstar. Her finn du tre oppgåver der du kan øve på skriftlege ferdigheiter.

Generell informasjon

Du skal svare på tysk på alle dei tre oppgåvene i eksamenssettet. Bruk berre dei hjelpemidla som er tillatne under eksamen. Du kan lese om eksamen i sikker nettlesar på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Skriv svara dine direkte inn i tekstfelta. Eksporter så teksten din. Då får du samtidig oppretta eit dokument som du kan levere til læraren.

NB! Oppgåvene du jobbar med her, ligg på nettsidene til NDLA, og ingenting av det du skriv, blir lagra. Går du ut av sida før du har eksportert teksten, mister du alt arbeidet du har gjort. Hugs derfor å eksportere teksten din slik at du kan vise han fram!

Oppgåve 1

Skriv ei melding på 80–100 ord.

Frida er på veg heim frå skulen då ho får ei melding frå bestevenninna Jeanette. Les meldinga og skriv eit passande svar på ho.

Du wirst nicht glauben, was gerade passiert ist! Ich war auf dem Weg nach Hause, und wen sehe ich, als ich durch den Park gehe? Christian und Anna! Dicht nebeneinander auf einer Parkbank. Ich habe mich schnell versteckt und sie beobachtet. Sie haben gelacht und miteinander geflirtet. Du, ich glaube, dass mein Freund mir untreu ist! Ich bin so sauer und traurig und verzweifelt! Was soll ich jetzt machen? Bitte hilf mir!

Oppgåve 2

Skriv ein tekst på 120–150 ord.

Du kjem over oppropet nedanfor. Send ei melding til ein venn.

  • Fortel om demonstrasjonen.

  • Sei at du ønsker å delta, og grunngi kvifor.

  • Spør om vennen din har lyst til å bli med. Prøv å overtale han/ho!

Berlin steht auf gegen rechts!

Kommt zur Demo gegen Rechtsextremismus und für Menschenrechte!

  • Ort: Brandenburger Tor

  • Tag: 8. Juni 2025

  • Start: 16 Uhr

Programm

  • 16.15 Uhr: Marsch zum Reichstagsgebäude

  • 17.00 Uhr: Kundgebungen und Appelle

  • 18.00 Uhr: Weiter zur CDU-Parteizentrale

  • 18.30 Uhr: Lieder und Parolen

  • Open End

Alle sind willkommen, ob groß oder klein. Bringt gern selbstgemachte Plakate mit! Je bunter, desto besser!

Hass ist keine Meinung, sondern Gewalt.

Michel Friedmann, Jurist, Publizist und Philosoph

Oppgåve 3

Skriv ei melding på 200–220 ord.

Tom vurderer å dra på togtur i Europa neste sommar, og han vil gjerne ha med seg bestevennen Martin. Sidan han har lært tysk på skulen, ønsker han å reise til tysktalande land. Førestill deg at du er Tom, og at du skriv ei melding til Martin, der du

  • informerer om reiseplanane dine og spør om Martin vil bli med

  • foreslår ein reisemåte og grunngir kvifor du meiner at dette er den beste måten å reise på

  • fortel kva du har lyst til å sjå og gjere, og spør kva Martin har lyst til

  • nemner kva de bør ordne og tenke på i forkant av turen (prisar, overnatting, bagasje)

Skrive av Julia Kleven og Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist oppdatert 10.04.2026