Vurdering av munnleg eksamen
Generelt om vurdering av eksamen
Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla i læreplanen for framandspråk nivå 1. Kvar elev blir vurdert individuelt. Det er berre det du viser på eksamensdagen, som tel. Førebuingsdagen er ikkje ein del av vurderinga.
Eksaminator og sensor
Det er to personar som skal vurdere prestasjonen din, eksaminator og sensor. Eksaminator er den som leiar eksamen. Som regel er dette faglæraren din. Sensor lyttar og tar notat, men kan òg stille spørsmål. Eksaminator og sensor fastset karakteren saman. Dersom eksaminator og sensor er ueinige, er det sensor som fastset endeleg karakter.
Vurderingskriterium
På eksamensdagen blir det brukt vurderingskriterium som ei slags sjekkliste for å vurdere kor godt du gjer det på eksamen. Det sensor pleier å sjå etter, er
- lytteforståing
- om du forstår når nokon snakkar til deg på tysk
- ordforråd
- om du har eit variert ordforråd og bruker ord og uttrykk som passar inn i samanhengen
- språklege strukturar
- om du meistrar enkel grammatikk, for eksempel å bøye verb og bruke rett artikkel og fleirtalsform på substantiv, og om du kan bygge opp setningar rett
- uttale
- om du uttaler ord rett og snakkar med god intonasjon og flyt
- språkhandlingar og kommunikasjon
- om du deltar aktivt i samtalen, om du kan fortelje om daglegliv og opplevingar, beskrive noko og uttrykke meiningar på ein enkel, men tydeleg måte
- interkulturell kompetanse
- om du kjenner til levemåtar, tradisjonar, geografi og kulturuttrykk i tysktalande land og kan samanlikne med din eigen bakgrunn
Ordlyden i vurderingskriteria varierer frå fylke til fylke, nokre gonger òg frå skule til skule. Slik kan eit vurderingsskjema sjå ut:
Karakter 6 | Karakter 4 | Karakter 2 | |
|---|---|---|---|
Lytteforståing | Du forstår tydeleg tale på tysk godt. | Du forstår tydeleg tale på tysk ganske godt. | Du forstår noko tydeleg tale på tysk. |
Ordforråd | Du har eit variert ordforråd og bruker ord som passar godt inn i samanhengen. | Du har eit tilstrekkeleg ordforråd og bruker stort sett ord som passar inn i samanhengen. | Du har eit avgrensa ordforråd og bruker ord som er upresise eller ikkje passar inn i samanhengen. |
Språklege | Du meistrar enkel grammatikk godt og bygger opp enkle setningar rett. | Du meistrar noko enkel grammatikk og bygger opp enkle, korte setningar rett. | Du meistrar lite grammatikk og bygger opp berre enkelte korte setningar rett. |
Uttale | Du har god flyt, uttale og intonasjon. | Du har nokså god flyt, uttale og intonasjon. | Du har noko flyt og forståeleg uttale og intonasjon. |
Kommunikasjon/ Språkhandlinger | Du deltar aktivt i samtalen og svarer godt og utfyllande på spørsmål om personlege og daglegdagse emne. Du fortel og beskriv tydeleg. | Du deltar i samtalen og svarer relevant på spørsmål om personlege og daglegdagse emne. Du fortel og beskriv nokså tydeleg. | Du bidrar litt i samtalen og svarer delvis relevant på enkle spørsmål. Du fortel og beskriv til dels lite tydeleg. |
Interkulturell kompetanse | Du viser kjennskap til levemåtar, tradisjonar, geografi og kultur i tysktalande land, og du samanliknar med din eigen kultur. | Du viser ein del kjennskap til levemåtar, tradisjonar, geografi og kultur i tysktalande land, og du samanliknar noko med din eigen kultur. | Du viser litt kjennskap til levemåtar, tradisjonar, geografi og kultur i tysktalande land, og du seier litt om din eigen kultur. |