Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Vurdering av munnleg eksamen

Korleis blir munnleg eksamen i tysk vurdert? Her får du litt informasjon og eit forslag til vurderingskriterium.

Generelt om vurdering av eksamen

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla i læreplanen for framandspråk nivå 1. Kvar elev blir vurdert individuelt. Det er berre det du viser på eksamensdagen, som tel. Førebuingsdagen er ikkje ein del av vurderinga.

Eksaminator og sensor

Det er to personar som skal vurdere prestasjonen din, eksaminator og sensor. Eksaminator er den som leiar eksamen. Som regel er dette faglæraren din. Sensor lyttar og tar notat, men kan òg stille spørsmål. Eksaminator og sensor fastset karakteren saman. Dersom eksaminator og sensor er ueinige, er det sensor som fastset endeleg karakter.

Vurderingskriterium

På eksamensdagen blir det brukt vurderingskriterium som ei slags sjekkliste for å vurdere kor godt du gjer det på eksamen. Det sensor pleier å sjå etter, er

lytteforståing
om du forstår når nokon snakkar til deg på tysk
ordforråd
om du har eit variert ordforråd og bruker ord og uttrykk som passar inn i samanhengen
språklege strukturar
om du meistrar enkel grammatikk, for eksempel å bøye verb og bruke rett artikkel og fleirtalsform på substantiv, og om du kan bygge opp setningar rett
uttale
om du uttaler ord rett og snakkar med god og flyt
språkhandlingar og kommunikasjon
om du deltar aktivt i samtalen, om du kan fortelje om daglegliv og opplevingar, beskrive noko og uttrykke meiningar på ein enkel, men tydeleg måte
interkulturell kompetanse
om du kjenner til levemåtar, tradisjonar, geografi og i tysktalande land og kan samanlikne med din eigen bakgrunn

i vurderingskriteria varierer frå fylke til fylke, nokre gonger òg frå skule til skule. Slik kan eit vurderingsskjema sjå ut:

vurderingskriterium for munnleg eksamen

Karakter 6

Karakter 4

Karakter 2

Lytteforståing

Du forstår tydeleg tale på tysk godt.

Du forstår tydeleg tale på tysk ganske godt.Du forstår noko tydeleg tale på tysk.

Ordforråd

Du har eit variert ordforråd og bruker ord som passar godt inn i samanhengen.

Du har eit tilstrekkeleg ordforråd og bruker stort sett ord som passar inn i samanhengen.Du har eit avgrensa ordforråd og bruker ord som er upresise eller ikkje passar inn i samanhengen.

Språklege
strukturar

Du meistrar enkel grammatikk godt og bygger opp enkle setningar rett.

Du meistrar noko enkel grammatikk og bygger opp enkle, korte setningar rett. Du meistrar lite grammatikk og bygger opp berre enkelte korte setningar rett.

Uttale

Du har god flyt, uttale og .Du har nokså god flyt, uttale og intonasjon.Du har noko flyt og forståeleg uttale og intonasjon.

Kommunikasjon/ Språkhandlinger

Du deltar aktivt i samtalen og svarer godt og utfyllande på spørsmål om personlege og daglegdagse emne. Du fortel og beskriv tydeleg.

Du deltar i samtalen og svarer relevant på spørsmål om personlege og daglegdagse emne. Du fortel og beskriv nokså tydeleg.Du bidrar litt i samtalen og svarer delvis relevant på enkle spørsmål. Du fortel og beskriv til dels lite tydeleg.

Interkulturell kompetanse

Du viser kjennskap til levemåtar, tradisjonar, geografi og kultur i tysktalande land, og du samanliknar med din eigen kultur.

Du viser ein del kjennskap til levemåtar, tradisjonar, geografi og kultur i tysktalande land, og du samanliknar noko med din eigen kultur.Du viser litt kjennskap til levemåtar, tradisjonar, geografi og kultur i tysktalande land, og du seier litt om din eigen kultur.
Skrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist oppdatert 14.05.2025