Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Gode råd til munnleg eksamen

Korleis førebur du deg til munnleg eksamen i tysk? Her får du gode tips og råd.

Eksamenstrekk

Utdanningsdirektoratet setter en felles trekkdato for eksamen i videregående skole. Datoen kan variere fra år til år. Hva bør du bruke dagane fram til eksamen til?

Kompetansemål og vurderingskriterium

Gå gjennom kompetansemåla som handlar om munnleg kommunikasjon (sjå boksen nedanfor). Forstår du kva dei betyr? Kva er "fagleg relevante emne og aktuelle saker"? Kva betyr å samtale, forklare, beskrive og grunngi? Tenk over og reflekter, gjerne saman med ein medelev, og spør læraren om hjelp når du er usikker.

Vurderingskriteria blir utarbeidde på kvar skule, og du får dei av læraren din.

Kompetansemål som handlar om munnleg kommunikasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • lytte til og forstå enkel og tydeleg tale om personlege og daglegdagse emne

  • delta i enkle samtalar i daglegdagse situasjonar om aktivitetar og kjende emne

  • munnleg fortelje om daglegliv og opplevingar og uttrykkje meiningar, òg spontant

  • bruke enkle språklege strukturar, reglar for uttale og rettskriving og det offisielle alfabetet til eller teikn for språket for å kommunisere på ein situasjonstilpassa måte

  • bruke relevante lærings- og kommunikasjonsstrategiar, digitale ressursar og erfaringar frå tidlegare språklæring i læringsprosessen

  • utforske og beskrive levemåtar, tradisjonar og geografi i område der ein snakkar språket, og sjå samanhengar med eigen bakgrunn

  • utforske og beskrive kunstnarlege og kulturelle uttrykk frå område der ein snakkar språket, og gi uttrykk for eigne opplevingar

Skaff deg oversikt

Først og fremst bør du få oversikt over det du har jobba med i tysk fram til no. Ta fram læreboka, digitale læremiddel, eigne notat og alt av oversikter og dokument du har fått delt ut. Tidlegare prøvar og tilbakemeldingar på vurderingar (spesielt munnlege) kan òg vere nyttige.

Tema

Kva tema har de jobba med i tysktimane? Skriv dei ned og lag ei liste med stikkord eller eit tankekart for kvart tema. Nokre vanlege tema er familie og venner, skule og fritid, mat og tradisjonar/høgtider.

Døme for nokre stikkord til temaet mat:

  • tidspunkt for måltid og kva måltida heiter

  • viktige ingrediensar

  • typiske rettar / tradisjonsmat

  • kva du sjølv liker / pleier å ete

  • kva for nokre matrettar frå tysktalande land du har smakt på

Ordforråd

For å kunne ha ein lengre samtale på tysk er det viktig at du kan nok ord og uttrykk.

Temagloser

Tenk over kva for nokre tyske ord og uttrykk du treng for å snakke om temaa de har jobba med. For å snakke om mat treng du til dømes namn på matvarer/ingrediensar, måltid og verb som har med mat og drikke å gjere (essen, trinken, kochen og så videre).

Mi meining

Det er òg viktig at du kan uttrykke di eiga meining, til dømes:

Ich denke/glaube/meine, dass ...
Eg tenker/trur/meiner at ...
Ich finde, dass ...
Eg synest at ...
Meiner Meinung nach ...
Etter mi meining ...

Samanlikning

Du treng òg nokre ord og uttrykk for å samanlikne når du skal få fram forskjellar mellom Noreg og tysktalande land, til dømes:

mehr/weniger/besser/schlechter als
meir/mindre/betre/verre enn
Verglichen mit ...
Samanlikna med ...
In Norwegen ..., aber in Deutschland / Österreich / der Schweiz ...
I Noreg ..., mens i Tyskland/Østerrike/Sveits ...
In ... ist es anders als in ...
I ... er det annleis enn i ...

Nyttige setningar

På eksamen bør du unngå å snakke norsk. Lag ei liste med setningar kan ha bruk for når du ikkje forstår eller treng hjelp, til dømes:

Tut mir leid, das weiß ich nicht.
Beklagar, det veit eg ikkje.
Ich erinnere mich nicht. / Ich weiß nicht mehr.
Eg hugsar ikkje.
Ich verstehe (die Frage) nicht
Eg forstår ikkje (spørsmålet).
Noch einmal, bitte.
Ein gong til, ver så snill.
Können Sie die Frage bitte wiederholen?
Kan du gjenta spørsmålet, er du snill?
Wie sagt man x auf Deutsch?
Korleis seier ein x på tysk?
Was bedeutet x?
Kva betyr x?

Grammatikk

Å meistre enkel grammatikk er viktig for å forstå og bli forstått. Noko av det viktigaste du bør fokusere på, er

  • bøying av verb i person (ich, du osv.) og tid (notid, fortid, framtid)

  • plassering av verbet på rett stad i setninga

    • Det bøygde verbet står på plass to i heilsetningar, som på norsk, og heilt sist i leddsetningar: Er geht nach Hause. Er sagt, dass er nach Hause geht.

    • I forteljande setningar skriv vi laust samansette verb som to ord. Forstavinga står til slutt: (mitkommen) Kommst du mit? I leddsetningar skriv vi dei som eitt ord: Er fragt, ob du mitkommst.

  • kjønn og tal på substantiv. Hugs at artikkelen (ein/eine, der/die/das) må samsvare med substantivet.

Uttale

Bruk tid på å øve på uttale. Her er nokre tips til korleis du kan gjere det:

  • Gå gjennom reglane for uttale. Du finn dei vanlegvis i læreboka di.

  • Lytt til lydfiler til tekstar. Les så tekstane høgt og prøv å herme etter. Hugs: Tekstane i tyskfaget på NDLA har tilhøyrande lydfiler.

  • Sjå på språklæringsvideoar. På NDLA finn du mange korte videoar om ulike tema.

  • Lytt til tysksongar. Finn teksten til songane på nett, og syng med!

Trekk av tema og førebuing

24 timar før eksamen får du vite tema for eksamen. Temaa er veldig generelle, slik at du kan ta eigne val om innhald og form. Det er mogleg at du får forslag til problemstillingar saman med temaet, men du skal òg kunne lage di eiga problemstilling.

Når du har trekt tema, har du noko meir å jobbe med. Korleis får du mest mogleg ut av førebuingsdagen din?

Temaet ditt

Forstår du kva temaet inneber? Kva underemne eller spørsmål kan vere aktuelle eller passande? Treng du hjelp med å avgrense? Hugs at du har krav på rettleiing frå ein faglærar.

Kulturkunnskap

På munnleg eksamen kan og bør du vise kunnskap om kultur og levemåtar i tysktalande land. Prøv å inkludere så mykje som mogleg, og hugs å samanlikne med Noreg for å få fram likskapar og ulikskapar mellom landa. Det lønner seg!

Lyttemateriell

Har du fått ei lydfil saman med temaet? Lytt til han mange gonger, ta notat og øv på å fortelje innhaldet med eigne ord. Korleis er innhaldet knytt til temaet ditt?

Eigne notat

Gå gjennom notata dine. Har de jobba med temaet før? Kva veit du allereie? Når du har fått oversikt over notata dine, kan du finne meir informasjon på nett. Du kan òg få hjelp av ein praterobot, men hugs å vere kritisk til informasjonen du får. Ikkje alt ein praterobot seier, er sant!

Innleiing

Å førebu ei innleiing er ikkje eit krav, men det kan vere lurt å gjere det. På den måten kan du ha betre kontroll over starten på eksamen.

Korleis du presenterer temaet ditt på eksamensdagen, er heilt opp til deg. Du kan lage ein digital presentasjon, vise bilete eller ta med ein gjenstand. Du kan òg snakke utan å ha noka form for visuell støtte. Same kva du vel, er det viktigaste at du klarer å fortelje om temaet på ein sjølvstendig måte og utan å vere avhengig av eit manus.

Innleiinga di skal som regel ikkje vere meir enn ti minutt. Resten av tida skal du ha ein samtale med eksaminator om temaet ditt og nærliggande tema.

Oppfølgingsspørsmål og samtale

Etter at du har presentert innleiinga di, kan du få nokre oppfølgingsspørsmål. Jo betre førebudd du er, jo lettare blir det for deg å svare på spørsmåla.

Så skal du ha ein samtale med eksaminator om temaet. Tenk over kva spørsmål du kan få, og skriv dei ned. Klarer du å svare på dei på tysk? Du kan òg be ein praterobot om hjelp til å lage relevante spørsmål (og svar).

Hugs: Sjølv om eksaminasjonen hovudsakleg handlar om temaet du har trekt, vil samtalen ofte òg komme inn på andre nærliggande tema. Det du svarer på eit spørsmål, kan påverke neste spørsmål og retninga samtalen kjem til å ta.

Øving gjer meister!

Hugs å setje av tid til å øve! Dersom du skal ha ei innleiing, bør du øve på å presentere ho fleire gonger. Bruk gjerne ei stoppeklokke for å vere sikker at du ikkje snakkar for lenge.

Du kan ikkje vite eksakt korleis samtalen med eksaminator kjem til å bli. Likevel kan du prøve å ein samtale. Kanskje du kan få nokon til å overta rolla som eksaminator og øve saman med deg?

På eksamensdagen

  • Hels på læraren og sensoren og presenter deg. Bruk uttrykk som til dømes:

    • Guten Morgen / Guten Tag, ich bin/heiße X. God morgon / god dag, eg er/heiter X.

    • Freut mich. Hyggeleg (å møte deg).

    • Wie geht's Ihnen? Korleis går det med deg?

  • Unngå å snakke norsk. Bruk tysk heile tida, òg når du ikkje forstår eller sit fast og treng hjelp.

  • Prøv å svare med fullstendinge setningar og unngå korte svar med berre ja eller nein. Hugs at du veldig ofte kan bruke ord og uttrykk frå spørsmålet for å formulere eit svar, til dømes:

    • Spørsmål: Kennst du einen deutschen Musiker?

    • Svar: Ja, ich kenne einen deutschen Musiker. Er heißt Max Giesinger.

  • Ikkje snakk for fort. Det er lettare å ha kontroll på uttale og grammatikk når du snakkar sakte og roleg.

  • Grammatikk er viktig, men prøv å ikkje overtenke. Det er betre å seie noko som er grammatisk feil, men forståeleg, enn å stoppe opp og ikkje klare å fullføre setninga. Det viktigaste er at du kommuniserer.

  • Det er normalt å bli nervøs, men prøv å puste roleg, drikk litt vatn og slapp av. Hugs at eksaminator og sensor skal hjelpe deg slik at du får vist det du kan!

Kjelde

Kunnskapsdepartementet. (2023). Læreplan i framandspråk (FSP01‑03). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/fsp01-03?lang=nno

Skrive av Kathleen Geraldine Tom Kraudy og Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist oppdatert 14.04.2026