Übungen: Was machst du in deiner Freizeit?
1. Gloser
Pugg glosene til teksten "Was machen die Deutschen in ihrer Freizeit?".
Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene, og merk deg kjønnet på substantiva (der/die/das).
Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.
Vel "Fyll inn" og "Byt språk". Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa dersom du treng det.
Gjer oppgåva utan å bruke tipsa og bli ein glosemeister!
2. Glosekort
Jobb saman to og to.
Elev A les den tyske setninga høgt, og elev B omset ho til norsk. Snu kortet og les fasiten høgt. Hald fram med neste kort, og byt roller.
Trykk på pilene for å komme tilbake til start. No omset de dei norske setningane til tysk! A les den norske setninga høgt, og B omset ho. Snu kortet. B les fasiten høgt. Gå vidare, og byt roller.
3. Fritida mi
Fortel kva du gjer på fritida.
Individuelt arbeid: Svar skriftleg på spørsmåla, og gi så utfyllande svar som mogleg. Bruk gjerne skrivehjelp og ordbok.
Was machst du in deiner Freizeit?
Was machst du abends?
Was machst du am Wochenende?
Warum hörst / liest / siehst du gern ...?
Warum spielst / gehst / fährst du gern ...?
Bruk NDLAs praterobot eller ein annan praterobot de bruker i skulesamanheng, og spør roboten om det er nokre feil i teksten din.
Jobb i par. A stiller spørsmåla, og B svarer. Til slutt samanfattar A på norsk det B sa, og spør dersom noko er uklart. Byt roller: No er det B sin tur til å spørje A.
Individuelt arbeid: Øv på å snakke fritt utan å sjå på teksten.
Gå rundt i klasserommet og snakk saman to og to. Spør og fortel kvarandre kva de gjer på fritida.
4. Hobbyar
Sjå filmen (lengde 2:10) éin gong, og svar på spørsmåla nedanfor.
Spørsmål til filmen
Kva idrettar driv jentene med?
Kva instrument speler dei?
Trur dei at dei kan leve av idretten i framtida?
Kva fotballag heiar dei på?
Ordforråd
Gå kjapt gjennom glosene i boksen nedanfor.
Detaljar frå filmen
Sjå filmen endå ein gong, og ta gjerne notat.
Gjer dei interaktive øvingane. Kor mykje forstår du no etter å ha sett filmen to gonger?
Stemmer påstandane?
Kva seier ei eller fleire av jentene?
Intervju
Jobb saman i grupper på tre eller fire. Lag eit intervju etter mønster av intervjua i videoklippet. Éin stiller spørsmål, dei andre svarer etter tur. Bruk snakkehjelpa i boksen.
5. Land og folk
Skaff deg eit førsteinntrykk av innhaldet i teksten "Wandern ist Volkssport":
Les overskrift og mellomoverskrifter, og omsett dei til norsk. Kva aktivitet handlar teksten om?
Sjå på bileta, les biletteksten.
Skaper overskrifter og fotografi eit positivt eller negativt inntrykk av aktiviteten?
Wandern ist Volksport
Tekstversjon
Wandern ist ein Volkssport in Deutschland, und es gibt immer mehr junge Fans.
Immer mehr junge Leute gehen wandern (dpa) - Mehr als die Hälfte der Deutschen geht in ihrer Freizeit gern wandern. Manche wandern jede Woche, andere nur zwei bis drei Mal im Jahr. Früher gingen hauptsächlich Rentner wandern, aber inzwischen gibt es immer mehr junge Wanderer.
Hans-Ulrich Rauchfuß ist Präsident des Deutschen Wanderverbandes. Er erklärt: «Ausbildung und Beruf sind anstrengend für Menschen im 21. Jahrhundert, und Wandern ist ein perfekter Ausgleich. Außerdem sind die jungen Leute umweltbewusst. Sie fahren Straßenbahn statt Auto und haben Spaß an der Natur.»
Wandern passt für alle
Der Deutsche Wanderverband rechnet damit, dass der Wandertourismus aus dem In- und Ausland weiter zunimmt. Für Familien ist die gemeinsame Freizeit nämlich sehr wichtig. Außerdem wächst das Bewusstsein für die Gesundheit. Da ist Wandern ideal: Jeder kann mitmachen. Man braucht nur ein Paar Wanderschuhe, und schon kann's losgehen!
Wandern ist ein Volkssport in Deutschland, und es gibt immer mehr junge Fans.
Spørsmål til teksten
Kor stor del av det tyske folket liker å dra på fotturar?
Kvifor blir det stadig fleire unge menneske blant turgåarane?
Kva er framtidsutsiktene for vandringsturismen i Tyskland?
Kva forhold er med på å påverke denne utviklinga?
Skriv sjølv!
Skriv ein tekst på minst seks setningar (og gjerne litt fleire) om forholdet ditt til turgåing. Ta utgangspunkt i spørsmåla og svara nedanfor. Hugs å skrive heile setningar.
Gehst du gern wandern?
ja / nein
ab und zu
im Sommer / im Herbst
Gehst du oft wandern?
jede Woche
einmal im Monat
zwei–dreimal im Jahr oder seltener
Was für Wanderungen machst du am liebsten?
Waldwanderungen
Bergwanderungen
Küstenwanderungen
Gehst du allein oder zusammen mit anderen?
zusammen mit Freunden / Freundinnen
zusammen mit meiner Familie
allein
Warum gehst du wandern?
weil Wandern gesund ist
weil es entspannt
weil man es zusammen mit anderen machen kann
Kannst du Wandern empfehlen?
Kann ich sehr empfehlen.
Na ja, ab und zu!
Wandern ist immer schön.


