Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Grammatik: Wann?

Øv på å oppgi tidspunkt på tysk.
  • Wann geht der Bus?

  • Når går bussen?

  • Wann stehst du morgens auf?

  • Når om morgonen står du opp?

Wann?

Når vi spør med wann (når), får vi eit tidspunkt til svar:

  • Wann du nach München? – Am Montag.

  • Wann stehst du morgens auf? – Um halb sieben.

  • Wann hast du Ferien? – Im Juli.

Svaret er eit tidsledd: am Montag, um halb sieben, im Juli osv.

Eit anna ord for tidsledd er tidsadverbial.

Å oppgi tidspunkt på tysk

Du har allereie lært ein del ord og uttrykk som oppgir eit tidspunkt, til dømes desse:

  • abends

  • am Dienstag

  • am ersten Juni

  • am Wochenende

  • früh

  • heute

  • im Winter

  • morgen

  • nach der Pause

  • sofort

  • sonntags

  • spät

  • um zehn Uhr

  • 2010 (zweitausendzehn)

I både tysk og norsk er det nokre tidsledd som har , mens andre står utan preposisjon.

Øving 1

Sett om tidsledda over til norsk. Samanlikn deretter med løysingsforslaget.

Svar

  • om kvelden, kvar kveld

  • på tysdag

  • første juni

  • i/til helga

  • tidleg

  • i dag

  • om vinteren; kommande vinter

  • i morgon

  • etter pausen

  • straks, med éin gong

  • om søndagane

  • seint

  • klokka ti

  • i 2010

Oversikt over tidsledd

Mange tyske tidsledd lagar vi med preposisjonane am, im eller um. Nokre tidsledd har ikkje preposisjon. Tabellen under gir deg ei oversikt og døme.

Am, im eller um?

type tidspunkt

preposisjon

døme

datoamSie hat am vierzehnten Oktober Geburtstag.
vekedagamAm Freitag besuche ich eine Freundin.
helgam haben wir frei.
del av dagenam

Er duscht am Abend.

Am Nachmittag mache ich Hausaufgaben.

natt

inIn der Nacht sind alle Katzen .
månadimIm Juli ich nach Österreich.
årstidimIm Winter fahren wir Ski.
klokkeslettumSie kommt um zehn Uhr.

årstal

Ich bin 2014 .

tidspunkt som blir gjenteke

Montags habe ich Training.

Mittags esse ich immer in der Kantine.

Formene " im" og " am"

  • Eigentleg heiter preposisjonane som er i bruk her, in og an.

  • Preposisjonane har smelta saman med dativforma av den bestemte artikkelen: in + dem = im, an + dem = am.

Øving 2

Kva preposisjon er rett?

Øving 3

Sett inn rett preposisjon, og sett om setningane til norsk.

Norske omsettingar
  1. Ich kann um 10 Uhr zu dir kommen. Eg kan komme til deg klokka ti.

  2. Am Abend bin ich oft müde. Om kvelden/kveldane er eg ofte trøytt.

  3. Die Kinovorstellung beginnt um 18 Uhr. Kinoframsyninga begynner kl. 18.

  4. Am Dienstag habe ich leider keine Zeit. På tysdag har eg dessverre ikkje tid.

  5. Was machst du am Nachmittag? Kva gjer du i ettermiddag / etter lunsj?

  6. Im Frühling haben wir immer viele Prüfungen. Om våren har vi alltid mange prøver.

  7. Hast du auch im Juli Geburtstag? Har du òg bursdag i Juli?

  8. Sehen wir uns am Wochenende? Sest vi i helga / til helga?

Øving 4

  1. Lag spørsmål med wann. Døme:

    • Lena fährt am Wochenende nach Bremen.

    • Wann fährt Lena nach Bremen?

  • Am Abend sehen wir Nachrichten.

  • Om kvelden ser vi (vanlegvis) nyheiter.

  • Wir essen freitags oft Tacos.

  • Vi et ofte Tacos på fredagar.

Kvar dag, kvar veke osv.

Du kan uttrykke på fleire måtar at noko gjentek seg regelmessig (eller at noko aldri skjer). Du kan bruke adverb som morgens, abends, sonntags:

  • Abends sehe ich .

  • Wir essen freitags nie Tacos.

Du kan òg bruke preposisjonsuttrykk, gjerne saman med som immer, oft, :

  • Am Abend sehe ich oft Nachrichten.

  • Wir essen am Freitag immer Tacos.

Eller du kan bruke eit tidsuttrykk med jeder (kvar, kvar einaste). Då poengterer du verkeleg at noko skjer heile tida!

  • Ich sehe jeden Abend Nachrichten.

  • Wir essen jede Woche Tacos.

Pass på!

  • Du kan lage adverb av alle namna på vekedagar og delar av dagen. Dei blir skrivne med liten forbokstav og endar på -s. Døme:

    • am Montag – montags

    • am Nachmittag – nachmittags

    • in der Nacht – nachts

  • Tidsuttrykk med jeder står i akkusativ. Då må du passe på rett ending:

    • -en framfor hankjønnsord: jeden Morgen (kvar morgon)

    • -e framfor hokjønnsord: jede Nacht (kvar natt)

    • -es framfor inkjekjønnsord: jedes Wochenende (kvar helg)

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Øving 5

Øv på nokre viktige tidsadverb.

Tekstversjon av øving 5

  1. Omset adverba i lista under til norsk.

  2. Ranger dei frå alltid til aldri.

  1. ab und zu

  2. immer

  3. nie

  4. oft

  5. selten

Øving 6

Jobb gjerne saman to og to:

  • Les setninga på kortet høgt.

  • Sett om setninga til norsk.

  • Snu kortet, samanlikn med fasiten og hald fram med neste kort.

Skrive av Julia Kleven og Marion Federl.
Sist oppdatert 05.06.2026