Übungen: Mein Alltag
1. Gloser
Pugg glosene til teksten "Ein ganz normaler Tag"!
Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene, og merk deg kjønnet på substantiva (der/die/das).
Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.
Vel "Fyll inn" og "Byt språk". Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa om du treng det.
Bli ein glosemeister! Gjer oppgåva utan å bruke tipsa!
2. Samtalar med spørsmål og svar
Jobb i par.
Lytt til samtalen i lydklippet og set om til norsk. Fordel rollene mellom dykk, og les den tyske samtalen.
Fortel om din eigen morgon ved å byte ut klokkeslett. Kva kan du svare dersom du ikkje (alltid) et frukost?
3. Korleis er morgonen din? Fortel!
Fortel om ein vanleg morgon i livet ditt. Bruk nokre av verba nedanfor.
Mein Morgen
4. Er du A-menneske eller B-menneske?
Ein reporter spør fire unge menneske: "Bist du ein Morgenmensch oder ein Abendmensch?"
Sjå filmen (lengde 1:09), og svar på oppgåvene.
Kor mange av intervjupersonane er A-menneske, og kor mange er B-menneske?
Intervjuobjekta heiter Hjalmar, Kristine, Julie og Martin, og dei svarer i oppgitt rekkefølge. Kven av dei seier kva?
Eg er trøytt om kvelden.
Eg står opp halv seks kvar morgon.
Eg har mykje energi om morgonen.
Eg hatar å stå opp tidleg og kjem ofte for seint.
Nei! (Vil ikkje svare.)
Kva passar saman? Gjer den interaktive øvinga under og match dei tyske setningane med rett omsetting.
5. Lag ei undersøking
Lag ei tilsvarande undersøking som i videoen. Framfør intervjua eller film dei, til dømes med mobilkamera.
Reporteren spør intervjupersonane om dei er A-menneske eller B-menneske, og avsluttar intervjuet med ein kort kommentar og ein takk.
Dei som blir intervjua, grunngir kvifor dei er A- eller B-menneske.
Bruk ord og uttrykk frå videoklippet. Bruk gjerne òg ordboka og finn andre ord.
6. Aktivitet og klokkeslett
Kva gjer Sabine og Oliver i kvardagen, og når gjer dei det? Jobb gjerne i par.
Les det Oliver seier på side 1. Lytt til og gjenta det Sabine seier på side 2.
Spør og fortel kvarandre kva Oliver og Sabine gjer, og når dei gjer det:
Was macht er/sie um sieben Uhr?
Er wacht auf. / Sie schläft.
NB! Pass på dei sterke verba som endrar vokal i 3. person eintal:
essen– isst
treffen – trifft
lesen – liest
fahren – fährt
schlafen – schläft
7. Skriv ein tekst
Fortel om kvardagen til ein elev. Du kan ta utgangspunkt i illustrasjonane under, eller du kan skrive fritt.
Start teksten din med ei kort innleiing der du presenterer eleven.
Hovuddelen skal ha tre avsnitt, og det skal vere fire setningar i kvart avsnitt.
Det første avsnittet skal handle om morgonen til personen.
Det andre avsnittet skal handle om skule og lekser.
Det tredje avsnittet skal handle om fritids- og kveldsaktivitetar.
Når du er ferdig med dei tre avsnitta, skriv du ei kort avslutning (éi samanfattande setning er nok).
Då har du skrive den første femavsnittsteksten din på tysk! Flott, ikkje sant?
Am Morgen
Am Tag
Am Abend
8. Mimeleik: Was machst du da?
Å gjere éin ting samtidig som vi seier noko anna, krev konsentrasjon. Les instruksen og sjå filmen "Was machst du da?" (lengde: 0:57) før de startar leiken. Kva aktivitetar kjenner de igjen? (Ordet radeln er eit sørtysk ord for Fahrrad fahren.)
Skriv ned ulike aktivitetar de har lært, på tavla.
Stå saman to og to. (De kan kikke bort på tavla mens leiken går føre seg, men det er viktig at de har mest mogleg augekontakt med kvarandre.)
A mimar ein aktivitet (let til dømes som om hen joggar).
B spør: Was machst du da?
A må seie noko anna enn det hen faktisk gjer, til dømes: Ich frühstücke.
No er det B sin tur. B mimar no det A nettopp har sagt (et frukost). A spør: Was machst du da? B seier òg noko anna enn det hen faktisk gjer, til dømes: Ich mache Hausaufgaben.
A mimar at hen gjer lekser, og så vidare.
Etter ca. eitt minutt signaliserer læraren at de skal byte partnar. For kvar ny runde aukar de tempoet på leiken. Kor raskt klarer de å mime og snakke?
Film: "Was machst du da?"
9. Snakk sjølv!
Fortel kva du gjer i løpet av ein dag, frå du står opp til du legg deg.
Noter i stikkordform kva du gjer, og når du gjer det. (klokkeslett og aktivitet)
Snakk saman i par og fortel om ein vanleg dag. Bruk samtaleskjema 1.
Samtale i rekke: Still dykk opp i to rekker overfor kvarandre slik at alle kan sjå samtaleskjemaet på skjermen. (I store klassar er det best med fire rekker.)
De som står rett overfor kvarandre, helser på tysk og snakkar saman i par.
Når læraren signaliserer at det er tid for å byte samtalepartnar, flytter den eine rekka seg eit trinn til høgre slik at alle får ein ny partnar.
Etter dei to første rundane byter læraren til samtaleskjema 2 slik at de berre ser spørsmåla.
Etter to nye rundar byter læraren til samtaleskjema 3 slik at de berre ser emneorda. No snakkar de heilt fritt!
Samtaleskjema 1: Spørsmål og svar
Samtaleskjema 2: Lag eigne svar!
Samtaleskjema 3: Spør og svar fritt!

10. Kryssord
Løys kryssordet! Kva ord får du til slutt i den loddrette ramma?
ettermiddag
frukost
B-menneske
avis
midnatt
stå
skuledag
studere
pause
nettopp
















