Grammatikk: Laust samansette verb
Laust samansette verb
Laust samansette verb er verb som består av to delar: ein partikkel og eit verb. Partiklar er ubøyelege småord, til dømes preposisjoner og adverb:
auf + stehen = aufstehen
aus + packen = auspacken
zurück + kommen = zurückkommen
an + fangen = anfangen
I laust samansette verb ligg trykket alltid på partikkelen: aufstehen, ich stehe auf. På tysk blir laust samansette verb kalla for trennbare Verben eller Partikelverben.
Finn ut!
Av og til skriv vi dei laust samansette verba som eitt ord, av og til som to. Her finst det faste reglar i tysk. Sjå på døma under: Når skriv vi laust samansette verb i tysk som eitt ord, når skriv vi dei som to?
aufstehen / Katharina steht auf.
anfangen / Die Schule fängt an.
zurückkommen / Wann kommst du zurück?
Døme på laust samansette verb
Det finst mange partiklar (småord) som kan settast saman med verb. I tabellen under finn du nokre døme.
partikkel | laust samansett verb | verbet på norsk |
|---|---|---|
auf | aufstehen | å stå opp |
aus | auspacken | å pakke ut |
an | anfangen | å begynne |
ein | einschlafen | å sovne |
fern | fernsehen | å sjå på tv |
los | losgehen | å dra av garde |
mit | mitkommen | å bli med |
zu | zumachen | å lukke igjen |
zurück | zurückkommen | å komme tilbake |
Presensform av laust samansette verb
Når vi bruker eit laust samansett verb i presens, må vi dele det i to ord og flytte partikkelen til enden av setninga:
Die Schule fängt um neun Uhr an. (Skulen begynner klokka ni.)
Kommst du morgen mit? (Blir du med i morgon?)
Leon wacht früh auf. (Leon vaknar tidleg.)
Er geht um acht Uhr los. (Han dreg av garde klokka åtte.)
Rufst du mich an? (Ringer du meg?)
Mach bitte das Fenster zu! (Lukk vindauget, er du snill!)
Øving 1
Ti kjappe! Øv på laust samansette verb. Obs: I nokre deloppgåver er det ord som blir til overs. Det er slik det skal vere.
Vokalskifte
Nokre verb får vokalskifte i 2. og 3. person eintal, til dømes fahren, sprechen, laufen, lesen, fangen, schlafen og sehen.
Døme
fangen: du fängst, er/sie/es fängt
schlafen: du schläfst, er/sie/es schläft
sehen: du siehst, er/sie/es sieht
Det gjeld òg når verba får med seg ein partikkel:
anfangen: du fängst an, er/sie/es fängt an
einschlafen: du schläfst ein, er/sie/es schläft ein
fernsehen: du siehst fern, er/sie/es sieht fern
Øving 2
Øv på verb med vokalskifte. Hugs at verba berre får vokalskifte i andre og tredje person eintal.
Øving 3
Hugsar du rett plassering av verb og partikkel? Test deg sjølv!
Øving 4
Øv på å lage setningar med laust samansette verb. Jobb gjerne i par.
Bøy det laust samansette verbet og sett verb og partikkel på rett plass.
Snu kortet og samanlikn med fasiten.
Omset den tyske setninga til norsk.
Døme
ich – aufstehen – spät
tysk setning: Ich stehe spät auf.
norsk omsetting: Eg står opp seint.
Øving 5
Omset setningane under til tysk. Verbet du treng, står i parentes. Skriv ned omsettinga di og samanlikn så med fasiten. Har du plassert alle orda rett?
(aufstehen) Søster mi står opp seint.
(mitnehmen) Eg tar med boka.
(mitkommen) Blir de med i dag?
(anfangen) Filmen begynner klokka fire.
(zumachen) Lukkar du igjen døra, er du snill?
(fernsehen) Vi ser mykje på tv.
Øving 6
Eitt verb, mange moglegheiter!
Ofte kan vi kombinere eitt og same verb med ulike partiklar (småord). På den måten får verbet ulike betydningar.
Nedanfor ser du verbet machen (å gjere) i kombinasjon med åtte ulike partiklar.
Gå gjennom lista og omset verba til norsk. Bruk ei ordbok som hjelpemiddel. Samanlikn omsetjinga di med fasiten.
Vel minst tre verb frå lista og skriv ei setning med kvart av dei tre verba.
Verbet machen kombinert med ulike partiklar
abmachen
anmachen
aufmachen
ausmachen
festmachen
losmachen
mitmachen
weitermachen
zumachen
Øving 7
Opp og stå! No skal de øve munnleg på å lage setningar med laust samansette verb.
Førebuingar
Læraren skriv ut vedlagd fil og klipper ut lappane. Kvar elev får éin lapp. Alternativt kan elevane få tildelt eitt verb kvar (sjå boksen nedanfor) og skrive ein lapp sjølv.
Gjennomføring
Ta lappen din og gå bort til ein medelev. Lag ei setning av orda som står på lappen. Begynn setninga med Ich (sjå døme). Medeleven gjer det same med orda på lappen sin.
Når de er ferdige, byter de lappar med kvarandre.
Finn ein ny samtalepartnar og lag ei setning av orda på lappen. Hald fram slik til læraren gir signal om å stoppe. Hugs å byte lapp kvar gong!
Døme
aufwachen – um sechs Uhr → Ich wache um sechs Uhr auf.