Übungen: Kleider machen Leute
1. Gloser
Pugg glosene til teksten "Kleider probieren".
Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene og merk deg kjønnet på substantiva (der/die/das).
Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.
Vel "Fyll inn" og "Byt språk". Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa om du treng det.
Bli ein glosemeister! Gjer oppgåva utan å bruke tipsa!
2. Glosekort
Jobb saman to og to.
Elev A les den tyske setninga høgt, og elev B omset henne til norsk. Snu kortet og les fasiten høgt. Hald fram med neste kort, og byt roller.
Trykk på pilene for å komme tilbake til start. No omset de dei norske setningane til tysk! A les den norske setninga høgt, og B omset henne. Snu kortet. B les fasiten høgt. Gå vidare, og byt roller.
3. Minidialogar
Minidialogane hjelper deg å repetere ord og uttrykk. Dessutan lærer du grammatikk, og det nesten utan å tenke over det. Jobb grundig med oppgåvene – du får mykje igjen for innsatsen!
Les og sett om begge dialogane.
Lag eigne variantar med andre klesplagg, skotypar og skostorleikar. Pass på rett form av ein!
Byt roller. (Den som starta med å stille spørsmål, skal no svare.)
Øv til de kan seie dialogane med god flyt, og lær gjerne to dialogar utanåt (eitt døme frå kvar mønsterdialog).
Framfør dialogane for eit anna par eller for læraren.
4. Die Hose steht dir gut!
Tyske hovud tenker litt annleis enn norske når tyskarane skal seie at dei liker eit plagg, eller at noko kler eit plagg. Men med litt øving får også du det til!
Gå gjennom tabellen og prøv å tenke som ein tyskar!
Gjer utfyllingsoppgåva.
subjekt | verbal | indirekte objekt | andre ledd | tysk |
|---|---|---|---|---|
| Die Hose | steht | dir | gut. | Du kler ... |
| Die T-Shirts | stehen | ihm | wirklich gut! | Han kler ... |
| Der Schal | gefällt | ihr | nicht. | Ho liker ... |
| Die neuen Sneakers | gefallen | ihnen | nicht so gut. | Dei liker ... |
| Enge Hosen | stehen | euch | nicht. | De kler ... |
5. Skriv og fortel
Skriv ein tekst med tittelen "Das trage ich gern". Bruk skrivehjelpa i boksen.
Was trägst du heute?
Was trägst du sonst noch gern (im Winter, im Sommer)?
Was ist deine Lieblingsfarbe? Welche Farben magst du (nicht)?
Wo kaufst du deine Kleider?
Interessierst du dich für Mode?
Wie ist dein Kleidungsstil?
Was packst du für den Urlaub in ...?
Øv og fortel medelevar og/eller læraren kva du har skrive.
6. Snakk tysk på 1–2–3!
Svar på spørsmåla og ta notat. (Noter stikkord eller korte setningar.)
Snakk saman i par og fortel kva de liker å ha på dykk. Bruk notata, men ha augekontakt når de snakkar.
Still de opp i to rekker overfor kvarandre slik at alle kan sjå samtaleskjemaet på skjermen. (I store klassar er det best med fire rekker.)
De to som står rett overfor kvarandre, snakkar saman i par.
Når læraren signaliserer at det er tid for å byte samtalepartnar, flyttar den eine rekka seg eit skritt til høgre slik at alle får ein ny partnar.
Etter dei to første rundane byter læraren til samtaleskjema 2 slik at de berre ser spørsmåla.
Etter to nye rundar byter læraren til samtaleskjema 3 slik at de berre ser emneorda. No snakkar de heilt fritt!
Samtaleskjema 1: Spørsmål og svar
Samtaleskjema 2: Lag eigne svar!
Samtaleskjema 3: Spør og svar fritt!
7. Leik og lær!
To forslag til uhøytidelege gruppearbeid

