Grammatikk: Akkusativ
Kort repetert: subjekt, predikativ og direkte objekt
Subjekt, direkte objekt og predikativ er setningsledd.
Subjekt
Subjektet er den eller dei som utfører handlinga.
Døme: I setninga "Lara kjøper ein genser" er Lara subjekt, for det er ho som kjøper noko.
Alle setningane må ha eit subjekt.
Direkte objekt
Det direkte objektet er den tingen eller personen som subjektet gjer noko med (eller mot).
Døme: I setninga "Lara kjøper ein genser" er ein genser objekt, for genseren blir kjøpt av Lara.
Mange setningar inneheld eit direkte objekt.
Predikativ
Predikativet er eit setningsledd som beskriv subjektet nærare.
Predikativet står berre etter nokre få verb. Dei to du bør hugse på, er å vere (sein) og å heite (heißen).
Døme 1: I setninga "Lara er motebevisst" er motebevisst predikativ. Ordet beskriv subjektet Lara nærare.
Døme 2: I setninga "Venninna mi heiter Lara" er venninna mi subjekt, mens Lara predikativ. Predikativet gir oss namnet på venninna.
Øving 1
Analyser setningane under.
Der Pulli ist grau.
Ich kaufe den Pulli.
Ich liebe meinen Pulli!

Kort repetert: Kasus
Les først dømesetningane:
Der Pulli ist teuer.
Lara kauft den Pulli.
Kvifor heiter det "der Pulli" i setning 1, men "den Pulli" i setning 2? Svaret er at tysk har det vi kallar kasus.
Kasus er endingar som viser om eit setningsledd er subjekt, predikativ eller objekt i setninga. Det er bestemmarordet som står framfor substantivet (der, ein, mein, kein osb.), som får kasusendinga.
Nominativ
Nominativ er kasusen til subjektet og predikativet. Nominativforma finn du når du slår opp i gloselister og ordbøker. Har du lært deg eit substantiv og artikkelen substantivet tar (der, die eller das), kan du derfor nominativ-forma.
Akkusativ
Akkusativ er kasusen til det direkte objektet. Og slett ikkje vanskeleg å lære! For stort sett er nominativ- og akkusativformene like. Det heiter til dømes die Jacke, das Kleid, die Schuhe i både nominativ og akkusativ.
Det er berre ved hankjønnsord i eintal du må passe på. Tabellen under gir deg nokre døme.
type bestemmarord | nominativ | akkusativ | norsk |
|---|---|---|---|
| bestemt artikkel | der Pulli | den Pulli | genseren |
| ubestemt artikkel | ein Pulli | einen Pulli | genseren |
| eigedomsord | mein Pulli | meinen Pulli | genseren min |
| nekting | kein Pulli | keinen Pulli | ingen genser |
Øving 2
Kva er rett form av bestemmarordet i setningane? Dømeordet er der Mantel (kåpe, frakk).
Øving 3
Øving 4
Øv meir på nominativ og akkusativ! Jobb gjerne i par.
Les og sett om dei tre dialogane.
Lær éin av dialogane utanåt. Ver nøye med å få alle endingane rette.
Øving 5
Ekstraøving!

