Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Grammatikk: Akkusativpreposisjonar

Lær preposisjonane som styrer akkusativ i tysk.

Kva er preposisjonar?

Preposisjonar er småord som i, gjennom, med, på, om, utan osb. Preposisjonsuttrykk fortel mellom anna om tid og stad: i morgon, gjennom skogen, og om måten vi gjer ting på: med ryggsekk, utan hjelp.

I tysk får ordet som høyrer saman med preposisjonen, kasusbøying. Her lærer du preposisjonane som styrer akkusativ.

Preposisjonane som styrer akkusativ

Det er fem tyske preposisjonar som alltid styrer akkusativ: durch, für, gegen, ohne og um. Ordet som kjem etter desse preposisjonane, står altså i akkusativ.

Film: Jenkadansen

Bruk jenkadansen til å pugge akkusativpreposisjonane! Sjå filmen (0:40). Elevane i filmen dansar jenka og syng: "Durch, für, gegen, ohne, um! Bruk akkusativ og ver no ikkje dum!" Dette klarer sikkert klassen din òg!

Video: Martin Aune Walther / CC BY-NC-ND 4.0
Akkusativpreposisjonar

Tysk

Norsk

Døme

durch

gjennom

Wir gehen durch das Kaufhaus.

für

til, for

Ich ein neues Kleid für die Party.

gegen

mot, imot

Sie spielt eine Partie Schach gegen ihren Lehrer.

ohne

uten

Ich fahre ohne meine Eltern in Urlaub.

um

rundt, om, omkring

Unser Haus ist gleich um die Ecke.

Øving 1

Durch, für, gegen, ohne eller um? Fyll inn rett/passande preposisjon og les heile setninga. Sett deretter om setninga til norsk.

  1. Sie spaziert ... den Park.

  2. Er trinkt immer Kaffee ... Zucker.

  3. Heute spielen die Schüler Fußball ... die Lehrer.

  4. Das ist ... meine Mutter.

  5. Die Kinder laufen ... das Haus.

  6. Hast du was ... mich?

  7. Ich will nicht ... dich ins Kino gehen!

  8. Hilfe! Das Auto fährt ... die !

Lösungsvorschlag

  1. Sie spaziert durch den Park. Vi går gjennom parken.

  2. Er trinkt immer Kaffee ohne Zucker. Han drikk alltid kaffi utan sukker.

  3. Heute spielen die Schüler Fußball gegen die Lehrer. I dag speler elevane fotball mot lærarane.

  4. Das Geschenk ist für meine Mutter. Gåva er til mor mi.

  5. Die Kinder laufen um das Haus. Barna spring rundt huset.

  6. Hast du was für mich? Eller: Hast du was gegen mich? Har du noko til/for meg? Har du noko imot meg?

  7. Ich will nicht ohne dich ins Kino gehen! Eg vil ikkje gå på kino utan deg!

  8. Hilfe! Das Auto fährt gegen die Fahrtrichtung! Hjelp! Bilen køyrer mot køyreretninga!

Øving 2

Oversett til tysk.

Skrive av Anna Maria Holvik og Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist oppdatert 11.08.2026